– Det har eg fått stor støtte for, sa FIFA-president Gianni Infantino på FIFAs toppmøte i Singapore i dag.
– I Asia er alle for utviding, og dei aller fleste for 48 lag, sa han.
Asia er den tredje største føderasjonen i FIFA med 47 medlemsland. Dei har no berre fire plassar i VM, i tillegg til at dei kan få ein femte ved omspel. Afrika med sine 56 medlemmer er størst, dei har fem VM-plassar.
Europa, med sine 55 medlemmer har 13 plassar i VM i dagens format.
Men forslaget seier ingenting om kor mange lag frå kvar verdsdel som skal få plass.
16 innleiande grupper
Dette er hovudpunkta i Infantinos forslag:
- 48 lag skal delta i framtidige VM, tidlegast frå 2026.
- Dei skal delast inn i 16 grupper med tre lag i kvar. Det betyr at kvart deltakarland er garantert minst to kampar, mot tre i dag.
- Dei to beste i kvar gruppe går til utslagsrundane, som tek til med 16.-delsfinale. I dag er åttedelsfinale den første utslagsrunden.
- Dette formatet inneber at VM vil omfatte 80 kampar, mot 64 i dag.
- Dei fire beste må dermed spele åtte kampar, ein meir enn i dag, ettersom det er ein utslagsrunde meir.
Infantino sa også at han vil gå inn for at inntil tre land skal kunne samarbeide om å arrangere VM når det blir så stort.
Hittil har alle VM blitt arrangert innanfor eitt land, bortsett frå i 2002 då Japan og Sør-Korea delte arrangementet.
Men trass i at kamptalet blir auka frå 64 til 80, meiner han likevel at det går an å arrangere VM innan same tidsrommet som no, 32 dagar. Det vil heller ikkje krevje fleire arenaer, meiner han.
Inspirert av EM i Frankrike
Infantino vart vald til FIFA-president i februar i år, og ein av vallovnadene var å auke talet på land i VM frå dagens 32 til 40 eller 48.
– Fotballnivået aukar over heile verda. Med fleire lag i VM vil kvaliteten auke endå meir, seier Infantino.
Infantino seier han var inspirert av EM i Frankrike i sommar, der det for første gong deltok 24 lag. Tidlegare var det 16 lag i EM.
Han går for 48 lag, men har endra sitt tidlegare forslag om ein innleiande runde der dei 32 lågast rangerte landa skulle møtest to og to, slik at 16 lag skulle bli slått ut etter berre ein kamp.
Avgjerd i januar
Men han meiner det nye forslaget er betre.
– Det gjer alle kampar viktige. Det vil ikkje finnast ubetydelege kampar, sa han.
FIFA skal ta stilling til forslaget på styremøtet 9. og 10. januar.
Der kan det også bli lansert alternativ på 40 lag, enten med ti firelagsgrupper eller åtte femlagsgrupper.