Alexander Kristoff kopierer VM-oppkøyringa som portugisaren Rui Costa brukte då han vann VM-gull i 2013.
Fredag syklar norges VM-håp eindagsritt i canadiske Quebec. Søndag stiller han til start i Montreal.
– Nesten alle som skal slåss om VM-gull er her. Det har sjelden vore eit sterkare startfelt i desse ritta, seier trenar Stein Ørn.
Men Kristoffs vinnarsjansar er nærast lik null.
– Det er ein sensasjon dersom han i det heile tatt er i nærleiken av å vinne i Quebec. Der kan avslutninga minne litt om avslutninga i VM, sett vekk frå at målet i Quebec er plassert i ein lang oppoverbakke som gjør det ein del annleis, seier trenar Stein Ørn.
Meiner Hushovds VM-oppkøyring strir mot fysiologiske prinsipp
I Montreal er sjansane for ei plassering i toppen endå mindre, men for Kristoff er det viktigast å få nok eindagsritt i beina før VM - ikkje å vinne løp.
Thor Hushovd brukte Spania Rundt som oppkøyring då han vann VM i 2010. Det gjorde også mange VM-vinnarar før han, noko Ørn synst er merkeleg.
– Det har vore eit slags mantra at ein må køyre i Spania Rundt for å kunne vinne i VM. Det strir mot fysiologiske prinsipp fordi VM er eit eindagsritt.
– Intensiteten i belastninga er mykje større i eindagsritt enn trevekersrittindagsritt. Då er det meir naturleg å tenke at han må køyre eindagsritt for å prestere i VM, seier Ørn.
– Alt tyder på at Kristoff er i god form
Også Sky-rytter Lars Petter Nordhaug syklar ritta i Canada.
Nordhaug blir ein av Kristoffs viktigaste hjelparar i VM, som er sesongens siste konkurranse.
Ørn er trygg på at Kristoff er på god veg mot sin tredje formtopp for året.
– I år er VM-gull det store målet, og alt tyder på at Alexander er i god form. Vi har jobba i mange år for at han skal vere i bra form om hausten, og i form har han alltid vore på denne tida, seier trenaren.