NRK Meny
Normal

Christian Ruud om sonen: – Ein milepæl for Casper

Casper Ruud (18) nådde nye høgder i karrieren med sin siger over Rogério Dutra Silva i Rio.

Casper Ruud

MILEPÆL: Casper Ruud vann sin første kamp på ATP500-nivå måndag kveld

Foto: Carl Andreas Wold

– Dette er den første sigeren han har på ei ATP 500-turnering, seier Christian Ruud om sonens siger måndag kveld.

– Det er ei relativt stor turnering med mykje poeng og mange gode spelarar. Dei fleste er blant topp 100, ein del blant topp 50, seier han.

Casper Ruud har fått to sjansar i mindre ATP-turneringar tidlegare. Då tapte han.

– Derfor var dette ein milepæl for Casper. Han har vunne ein kamp på ATP-nivå, seier ein fornøgd far, som følgjer sonens resultat frå sin skiferie i Mellom-Europa.

– Trudde han kunne vinne

Rogerie Dutra Silva er rangert som nummer 88 i verda. Casper Ruud er nummer 208. Likevel hadde Christian nesten venta at Casper skulle vinne.

Casper Ruud sammen med pappa Christian Ruud.

TRUDDE PÅ SIGER: – Eg meinte han hadde ein sjanse, trass i at motstandaren var mykje høgare rangert, seier Christian Ruud om sonen

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Ja, det hadde eg faktisk. Han fekk ei god trekning til å vere den type turnering. Han kunne fått Kei Nishikori eller Dominic Thiem, som begge er blant topp 10. Det er også fleire topp 50-spelarar med.

– Når han fekk Silva, meinte eg han hadde ein fair sjanse. Han har møtt spelarar på det nivået tidlegare og kjent at han har vore i nærleiken. Han var kanskje litt heldig med trekninga, seier Christian.

Kan bli blant topp 200

Casper Ruud vann gruskampen 6-3, 6–4. Med denne sigeren kan han for første gong ta steget inn blant topp 200 i verda.

– Det blir feil å seie at han hadde full kontroll. Men han spela godt nok til å bryte eit game i kvart sett, og det var godt nok til å vinne kampen. Han leverte ein god match, seier Christian.

Casper Ruud har spelefri i dag. I 2. runde onsdag møter han Roberto Carballes Baena. Spanjolen er rangert som nummer 139, og skulle dermed vere ein endå meir overkomeleg motstandar enn Silva.

Kan møte verds-femmar

Men Baena slo ut Joao Sousa i første runde. Sousa er rangert som nummer 39.

Skulle Ruud vinne der, kan det gå mot storkamp mot japanske Kei Nishikori i kvartfinalen. 27 år gamle Nishikori er toppseeda i turneringa og nummer 5 på verdsrankingen – plassen framfor Rafael Nadal.

– Er Casper klar for kampar mot dei aller beste?

– Det er vanskeleg å seie. Dette er turneringar han vanlegvis ikkje kjem inn i, fordi han ikkje har høg nok ranking. Denne gongen hadde han wild card, og utnytta det på ein god måte, seier Christian Ruud.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal