Følg skiskyttarsprinten direkte kl 19.10 i kveld.
– Eg har ikkje kjent att kroppen min sidan Östersund, seier Henrik Labée-Lund.
Der var det sesongopning i november-desember, og då var han med i toppen. Men sidan har det gått nedover. Og det i sesongen som skulle toppast med VM på heimebane i mars.
Labée-Lund meiner han har funne forklaringa på kvifor han ikkje har vore nær toppformen denne sesongen:
Undersøkingar gjort førre veke viser at skiskyttaren har utvikla ei form for astma. Og lungekapasiteten har derfor vore sterkt redusert fram til no.
Ein liter for lite luft
– Dei har målt at eg dreg inn nesten ein liter for lite luft i kvart andedrag. Og då blir det tungt å gå skirenn, seier Henrik Labée-Lund.
Ifølgje Norsk Helseinformatikk drar ein topptrena idrettsutøvar inn 40-60 andedrag i minuttet, og dreg der inn 100 til 150 liter luft. Altså 2,5 liter i kvart andedrag.
I kveld skal han gå verdscup i Canmore i Canada.
– Eg greier ikkje å ta i. Beina er heilt fine, og fysioterapeuten forstår ingenting. Men eg greier ikkje å puste nok inn. Når eg kjem i mål, kunne eg like gjerne starta på nytt. Kroppen er heilt fin, og eg kunne gått nokre sprintar og jaktstartar til, seier han til NRK.
Henrik Labée-Lund vart verdsmeister i stafett i 2013. Men om han skal få delta i VM på heimebane i vinter, må han prestere i Canmore i kveld.
– Sjølvsagt har eg lyst på VM. Det er det som er draumen. Men eg har også lyst på kjensla av at kroppen fungerer igjen. Då veit eg frå før at eg klan kjempe høgt oppe på listane – spesielt i høgda, som her i Canmore. Då kan det bli moro, seier Henrik Labée-Lund.