NRK Meny
Normal

– Ein god dag for fotballen

– Vi såg ein sjølvsikker Blatter etter valet på fredag. Og når dette skjer berre få dagar etterpå så er eg mest av alt glad, seier Karen Espelund.

Karen Espelund

Noreg sitt styremedlem i UEFA, Karen Espelund, seier dette er ein god dag for fotballen.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Dette er ein god dag for fotballen, seier styremedlem for Noreg i UEFA, Karen Espelund.

I kveld annonserte Sepp Blatter at han trekker seg som FIFA-president, berre fire dagar etter at han vart vald inn i si femte periode som president.

Espelund er overraska over at dette skjedde så raskt, men mest av alt er ho glad.

– Dette blir berre spekulasjonar, men det er grunn til å tru at noko har skjedd og blitt dokumentert. Eg antek at dette er ting vi vil få vite meir om. For når toppen forsvinn, så vil lojaliteten elles i systemet forsvinne, seier ho.

Dette endar truleg med at informasjon kjem for dagen, trur Espelund.

FIFA-president Sepp Blatter på pressekonferanse i Zurich, Sveits

Sepp Blatter annonserte tysdag kveld at han trekker seg som president i FIFA, fire dagar etter attvalet.

Foto: ARND WIEGMANN / Reuters

Blatter bad sjølv om avgrensing i presidentperiodar

Espelund trur FIFA har ein knallhard jobb føre seg med å rehabilitere omdømmet sitt. Men Blatter bad sjølv om å få på plass ei avgrensing i kor mange periodar ein kan sitte som FIFA-leiar.

– Dette er ei reform som Blatter har kjempa hardt imot fram til no, seier Karen Espelund.

Blir det betre utan Blatter trur du?

– Ja, det må bli det. Dette er ein sopass dramatisk avgang, og det er tydeleg at heile organisasjonen må spadevendast.

Noreg sin representant i UEFA trur at med valresultatet 133–73 i bakhovudet, så er det mange som har stemt på ein struktur og ein mann som etter få dagar trekker seg. Ho trur dette gjer noko med maktbalansen i organisasjonen.

Kven er favoritt til å overta?

– Det er det alt for tidleg å spekulere i. Ein idé som eg kunne sjå føre meg er at presidentane for føderasjonane set seg ned saman og blir ein garantist for prosessen vidare, slik at det ikkje berre blir Blatter sjølv om held i dette, avsluttar ho.

Valcke

Avtroppande FIFA-president Sepp Blatter feirar attvalet på fredag i lag med generalsekretær i FIFA, Jerome Valcke. Fire dagar seinare trekte Blatter seg som president.

Foto: MICHAEL BUHOLZER / Afp

– Ei dramatisk og uventa vending

– Det har skjedd ein del dei siste to dagane, med brev og bevis som knyt Blatter til korrupsjon. Men dette er likevel ei dramatisk og eigentleg uventa vending, seier Andreas Selliaas i Sporten.com.

– Det er nok alt bråket som gjer at han trekker seg. Berre sidan valet er det kome nye bevis i korrupsjonsskandalen. No ser det ut som at korrupsjonen kan knytast direkte til Blatter, seier Selliaas.

Dette er veldig dramatisk og uventa, sier Andreas Selliaas i Sporten.com.

Andreas Selliaas seier at det er dramatisk og uventa at Sepp Blatter trekker seg.

Ny kongress tidlegast om eit halvt år

Sepp Blatter seier at han blir sitjande som president til ein ny kandidat er klar. Men han bad i kveld om at hans nye etterfølgjar kjem på banen så snart som råd.

Ifølgje offisielle kjelder skal det haldast ein ny kongress innan desember 2015 og mars 2016.

Altså ser det ut til at Blatter vert sitjande minst eit halvt år til.

– Det er usikkert kva funksjon Blatter kjem til å ha i denne perioden, seier Selliaas. Han trur at Blatter trekk seg no fordi han ønskjer å gå av med ei viss stoltheit i behald.

Siste nytt

  • Roerne har fått båtene til VM

    Nesten én uke forsinket kom Norges VM-båter til Miami torsdag. – Endelig skal vi få sitte i riktig båt, sier Olaf Tufte til NRK.

    Landslagets assistent Johan Lidberg har kjørt 160 mil for å hente båtene som på grunn av orkanen Irma landet i Housten, Texas i stedet for Miami.

    Nesten én uke forsinket kom Norges VM-båter til Miami.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM-kveld
VM-kveld sykkel-VM
VM-kveld