NRK Meny
Normal

– Eg ville ikkje vore utan erfaringane frå konflikten

På Geilo er Henrik Kristoffersen endeleg tilbake saman med resten av landslaget igjen etter eit år med konfliktar og utestenging.

Henrik Kristoffersen

TILBAKE: – Eg har lært veldig mykje, men skulle gjerne fått erfaringa på annan måte, seier Henrik Kristoffersen

Foto: Vegard B. Lien / NRK

– Eg har lært veldig mykje av året som har gått, både på godt og vondt. Det er ei erfaring eg eigentleg ikkje vil vere utan, seier Kristoffersen til NRK.

– Men eg skulle helst fått den erfaringa på ein litt annan måte. Dessverre må ein gå den harde vegen nokon gongar, legg han til.

Henrik Kristoffersen har trena åleine sidan han i etter førre sesong blei nekta å trene saman med landslaget. Bakgrunnen var konflikt om eit sponsormerke, og at han seinare ikkje ville skrive under utøvarkontrakt med skiforbundet.

– Har til tider vore litt mykje

Først frå 1. oktober har han igjen fått lov å trene med laget. Samlinga på Geilo er den første sidan utestenginga.

– Kva er det du har tatt med deg frå det som har skjedd det siste året?

– Det var mykje oppe i mitt hovud som ikkje har vore heilt bra. Eg vil ikkje gå så veldig inn på det, det var litt privat. Men det har til tider vore litt mykje, det har det, seier Kristoffersen.

– Eg har lært litt om at det eg ikkje får gjort noko med, det får eg ikkje gjort noko med, legg han til.

– Om du spør om OL og Sør-Korea og Nord-Korea, får eg ikkje gjort noko med det. Det har eg ikkje noko svar på.

– Respekterer at andre har meiningar

Han synest det er fint å vere tilbake i gruppa, etter litt gnisningar som har kome til overflata i løpet av sommaren.

– Eg er teken godt imot. Eg har trass alt kjent alle i mange år, så det er ikkje noko problem.

– Kor tøft er det å høyre at "Henrik er uønskt i laget"?

– Det er både ja og nei. Eg respekterer på alle måtar at alle har meiningar.

– Er Henrik Kristoffersen annleis no enn før?

– Det kan hende. Ikkje så mykje, kanskje, men eg er nok kanskje litt rolegare enn eg har vore til tider, seier Henrik Kristoffersen.

– Har lagt det bak oss

Lagkameratane er også glade for å få slalåmkøyraren tilbake etter det vanskelege året.

– Vi har prata ut om dette og lagt det bak oss. No ser vi framover og jobbar med det vi skal gjere, seier Leif Kristian Haugen

– Vi fekk lufta ut alt i sommar. No er stemninga på topp, og Henrik er hjarteleg velkomen. Han er ein unik skiløpar. Det er godt å få lagt det utanomsportslege bak oss, seier Sebastian Foss-Solevaag.

Årets sesong blir innleia med storslalåm i Sölden i Austerrike siste helga i oktober.

Siste nytt

  • Bale sendte Real Madrid til finalen

    Gareth Bale ble matchvinner da Real Madrid tok seg til finalen i VM for klubblag. Romarinho ga Al-Jazira ledelsen 1–0 i 1. omgang, men spanjolene snudde kampen.

    Først fra Cristiano Ronaldo etter 53 minutter, og etter 81 minutter avgjorde Bale kampen.

    Gareth Bale
    Foto: Giuseppe Cacace / AFP
  • Hvas et tidel unna finale

    Tomoe Zenimoto Hvas svømte inn til 50,85 på 100 meter butterfly i EM-semifinalen onsdag kveld.

    Tiden holdt til en sjetteplass, og da ble det ikke EM-finaleplass på nordmannen.

  • Bjørnsen røk ut i semifinalen

    Susann Bjørnsen hadde 9. raskeste tid i semifinalen på 50 meter bryst, og røk dermed ut med minst mulige margin. Hun svømte inn til 30.20, og det holdt ikke til finaleplass.

    Hun var tre hundredeler bak åttendeplassen, som hadde gitt plass i finalen.

    Susann Bjørnsen
    Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM håndball kvinner: Kvartfinale Norge - Russland