Torsdag går han sprinten i NM. Det blir hans første konkurranse etter at han blei ramma av barnesjukdommen vasskoppar i desember.
– Det har vore to veker utan trening. Det er det lengste avbrekket i mi aktive skikarriere, seier Golberg til NRK.
I mellomtida har han også gått glipp av viktige verdscuprenn før OL, blant anna Tour de Ski.
Men under NM på Gåsbu i Hedmark håpar 27-åringen å overbevise landslagsleiinga.
– No har eg fått to gode veker på å førebu meg på dei to sprintrenna eg skal gå. Eg håpar at forma er god nok til at eg kvalifiserer meg til eit OL, held han fram.
Landslagssjef Arild Monsen meiner Golberg er ein av fleire som har press på seg under NM.
– Han som mange andre må gå fort. Han bør helst komme til finalen. Men det er mange aktuelle kandidatar, og det er ein open kamp. Eg vil ikkje kome med noko plasseringskrav i dag, seier Monsen.
– Ikkje å anbefale
Det var etter verdscuphelga i Davos før jul at Golberg fekk diagnosa vasskoppar. Skiløparen vakna opp med blemmer på kroppen, og dermed bar det rett til legen.
– Eg fekk ikkje vasskoppar då eg var liten. Då blei det ein runde med det no. Det er ikkje noko eg anbefalar til andre, seier Golberg.
– Korleis kjennes det ut å få vasskoppar når ein er vaksen?
– No fekk eg truleg ein mildare variant enn dei som får det verst. Men sjukdomsforløpet var ganske langt - med hodepine, feber og kløe. Det førte til at eg måtte vere varsam med trening, seier skiløparen med totalt fire verdscupsigrar i karriera.
FRISK: Pål Golberg under verdscuprenna på Lillehammer i byrjinga av desember før sjukdomen.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix– Får fleire sjansar
– Eg veit ikkje om det er mest pinleg for meg eller mamma, men det kan du spørje henne om, gliser Golberg spøkefullt på spørsmål om han synes det er pinleg å få barnesjukdomen i vaksen alder.
– Eg har lært at eg burde vore sendt heim til nokon som hadde vasskoppar då eg var liten. Det er det mange som har fortalt meg, seier Golberg og smiler.
– Kor viktig er sprinten for deg?
– Den er viktig, men kor viktig er det vanskeleg å svare på. Rammene er like som eit renn i verdscupen. Det er NM og verdscupen i Planica som avgjer OL-skjebna for dei som ikkje er tatt ut. Om det går dårleg her, så har eg ein mulegheit til, seier Pål Golberg.