– Kanskje allereie i morgon, seier Ryder om den flate og relativt korte etappen som endar i Montpellier ved den franske middelhavskysten.
– Edvald er vår nummer to på spurtetappene. Så om Mark Cavendish ikkje har heilt dagen, kan det bli ein sjanse for «Eddie».
– Er Cavendish sliten?
– Eg trur nok Mark er ok, seier Douglas Ryder, sportssjef i Dimension Data
– Og det er ein ny sjanse for oss og for Edvald 18. juli, legg Ryder til.
Den dagen er det ein kupert etappe på 209 km med målgang i Bern i Sveits.
Sportssjefen er godt nøgd med dagen i dag og med heile Touren så langt, trass i at Edvald Boasson Hagen tapte spurten på dei aller siste metrane.
– Han er sjølvsagt skuffa
– Det var ein ny stor spurt for oss med ein ny pallplass. Vi har hatt ein stor Tour de France så langt, seier ein glad Douglas ryder til NRK etter rittets tiande etappe som enda med tredjeplass til Edvald Boasson Hagen.
Dimension Data har også Stephen Cummings og Mark Cavendish, som totalt har vunne fire etapper.
– Edvald er sjølvsagt skuffa i kveld fordi sigeren glapp. Han blei stengd inne og måtte nærmast restarte spurten, seier Ryder.
– Men for oss er det fantastiska å ha to mann med i brot så lenge, seier han, og siktar til at Cummings var med og drog det store brotet som låg i teten det meste av etappen. Først då ei sjumannsgruppe stakk snaue to mil før mål, måtte Cummings sleppe.
Blant dei seks som spurta mot mål, var det tre frå Orca. Det blei avgjerande.
– Kunne de gjort noko annleis?
– Nei, eg trur ikkje det. Orca var fast bestemte på å ta dette, seier han.