NRK Meny
Normal

– Dumt at Norge ikkje tek det på alvor

I dag blei det norske laget slått ut lagkonkurransen i alpint. No tek dei grep for å ta medalje i neste års VM-grein.

startgate

STARTGATE: Lite trening med denne startgaten gjer at Norge førebels ligg langt bak i lagkonkurransane.

Det gjekk dårleg i dagens lagkonkurranse for dei norske alpinistane. Der rauk dei ut allereie i kvartfinalen mot Sveits.

Til neste år er lagkonkurranse ein del av VM-programmet. Men i dag var altså nordmenna langt unda pallen. Det skuldast ein spesiell startmetode der løparane byrjar i ein startgate, med ein vegg som går ned i det klarsignalet går.

– Dumt å ikkje ta det på alvor

NRKs alpinkommentator Andreas Toft tykkjer det er synd at Norge ikkje har prioritert å trene på dette før no.

Ragnhild Mowinckel jublar i VM

TRENG TRENING: Ragnhild Mowinckel meiner at det trengst meir spesifikk trening i lagkonkurranse.

Foto: Jeffrey Swinger / Reuters

– Det er litt dumt at Norge ikkje tek dette på alvor. Ein blir god på det ein trenar på. Ein bør få ein startgate til Norge, slik at dei får trene på det.

Det er alpinist Ragnhild Mowinckel einig i.

– Me må trene på dette, det er noko heilt anna, seier Mowinckel.

Lovar betring

Landslagssjef Christian Mitter seier no at det kjem til å bli satsa på dette for å betre resultata.

– Ja, me kjem til å trene meir på dette. Me må bli bedre.

Mitter

TAR GREP: Landslagssjef Christian Mitter vil ta tak for å løfte resultata i lagkonkurransar.

Foto: Geir Olsen, Olsen, Geir / NTB scanpix

Leif Kristian Haugen er glad for at landslagssjefen vil løfte treningsarbeidet.

– Det er VM her neste år. Me burde bruke meir tid på det. Det er eit morsomt format. Det er forskjell på dei som trenar på dette og dei som ikke gjer det, so her er det ein jobb å gjere. Me må løfte oss her.

Mitter lovar at Norge skal vere med å kjempe når medaljane blir utdelt neste år.

– Me skal prioritere dette, det blir delt ut medaljar her også.

Håpar å få delta i VM

Kjetil Jansrud var ikkje med i dagens lagkonkurranse, men håpar han får vere med i VM neste år.

– Forhåpentlegvis er eg god nok til å vere med neste år. Eg synst det er ei fin greie.

Lagkonkurransen har fått mykje kritikk for å vere for langt unda dei andre disiplinane, men Jansrud meiner at det burde vere plass til den.

– Me er ikkje so individualistar at me ikkje kan vere med på dette her.

Siste nytt

  • Hegazi til WBA på permanent basis

    Midtstopperen Ahmed Hegazi har imponert såpass mye i WBA-trøya at klubben har valgt å gjøre om låneavtalen med Al Ahly til en permanent overgang, skriver NTB. Hegazi har spilt samtlige 18 kamper for WBA denne sesongen.

    Hegazi
    Foto: DARREN STAPLES / Reuters
  • Tre strake for Kokslien

    Mikko Kokslien vant tre renn på rad i Colorado i USA i helgens kontinentalcup i kombinert.

    Tre seirer på rad gjør at han også leder kontinentalcupen suverent sammenlagt, melder NTB.

    Holmenkollen skifestival. 10 km. kombinert
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Barcelona har luke

    Barcelona cruiset inn til 4-0-seier hjemme mot Deportivo La Coruña søndag. Luis Suárez og Paulinho ble begge tomålsscorere for den spanske La Liga-lederen. De leder med seks poeng på Atletico Madrid.

    Luis Suárez
    Foto: Stanley Chou / Getty Images

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm, menn
V-cup alpint: Parallellstorslalåm menn