– Dette var sjukt artig. På oppløpet såg eg at det kunne gå, og tenkte at det no var det berre å peise på, jubla Lillehammer-jenta etter målgang i sin aller første sprintfinale.
Men ho hadde likevel ikkje trudd ho skulle vinne. – Det vil nok ta ei stund før det har gått opp for meg, sa ho.
– Dette er hailt vilt. Eg er superhappy, og forstår nesten ingenting, sa Kvale til NRK rett etter målgang.
– Men det forstår eg veldig godt, sa Kari Vikhagen Gjeitnes. Ho vart nummer to, men unte Kvale sigeren.
– Det var veldig tett, og eg likar tette oppløp, sa Gjeitnes etter det jamne oppløpet, der ho måtte sjå seg slått av Kvåle.
Katrine Harsem vart nummer tre. Ho fall nesten over dei to andre i innspurten, men heldt seg framfor OL-vinnar Ingvild Østberg Fluberg utanfor pallen.
– Det er eg skuffa over. Det skal visst ikkje lykkast for meg på Beitostølen, sa ho.
Resultat:
1) Barbro Kvåle, Lillehammer 2.56,8, 2) Kari Vikhagen Gjeitnes, Henning 0,3 sek. bak, 3) Kathrine Harsem, Varden 0,5, 4) Ingvild Flugstad Østberg, Gjevik 0,9, 5) Katja Visnar, Slovenia 4,9, 6) Victoria Carl, Tyskland 5.9, 7) Heidi Weng, Norge , 8) Celine Brun-Lie, Norge, 9) Denise Hermann, Tyskland, 10) Mari Eide, Norge.