Hopp til innhold

Lars Lagerbäck: 30 år i toppfotballen – men dette overgår alt

Heile Island står bak landets meisterskapsdebut. Og for trenar og spelarar overgår dette alt anna. I morgon stiller dei opp på Ullevaal.

Island er EM-klare og møter Norge på Ullevaal

Lars Lagerbäck har leia Sverige både i EM og VM tidlegare. Men å leie Island i eit meisterskap er noko heilt for seg sjølv.

– Den reisa vi har gjort desse fire åra – både leiarar og spelarar – kjennest svært spesiell. Det er eit lite land, og det betyr noko heilt ekstra, seier den rutinerte svensken, som har sagt at han gir seg etter å ha leia Island gjennom årets EM.

Fleire av dei islandske landslagsspelarane var i aksjon for sine klubblag i helga. Derfor stiller dei ikkje mot Norge i morgon.

Svekka Island – norsk sjanse

Det bør gi Norge ein god sjanse på Ullevaal.

– Ja, definitivt. Norge har eit godt lag som dessverre hadde marginane imot seg i playoffkampane mot Ungarn, seier Lars Lagerbäck. Ungarn er i Islands gruppe i EM.

Heime på Island er naturleg nok interessa enorm.

– Det er heilt eventyrleg, seier kaptein Aron Gunnarsson. – Alle veit om det, alle ser fram mot det. Alle dreg i same retning, seier kapteinen.

Han rosar også Eidur Gudjohnsson. Moldespelaren på 37 år er ein mann som har mengder av rutine i europeisk toppfotball.

– Ein gentleman

Eidur Gudjohnsen

RUTINE: Eidur Gudjohnsen (37) er har rikeleg rutine frå internasjonal toppfotball

Foto: HALLDOR KOLBEINS / Afp

– Eidur har ligameisterskap i toppligaer, han har vunne meisterligaen. Eg er berre glad han er med oss her. Og han er framleis ein god fotballspelar – han har eit kvikt fotballhovud som ikkje treng den farten han eingong hadde, seier Gunnarsson om 37-åringen, med røynsle frå mellom anna Barcelona og Chelsea.

Gudjohnsen sjølv vil heller skryte av Lars Lagerbäck.

– Han er først og fremst ein gentleman som har vore fantastisk sidan han kom til Island. Framgangen har vore god og stødig, og det har vore ei ære og ei glede å arbeide med han, seier Gudjohnsen.

Island har berre 320.000 immbygjarar, men likevel sju fotballhallar.

Då Lagerbäck kom til Island i 2012, låg Island bak Liechtenstein på FIFA-rankingen, heilt nede på 132.-plass. No er dei nr 35.

– Må spele med det vi har

– Det er ingenting hemmeleg. Det er om å gjere å jobbe med det rette, og å jobbe hardt. Eg har jobba med internasjonal fotball i 30 år, og har vel snappa opp litt. Om eg har bidratt på nokon måte, så er det vel med den erfaringa, seier den beskjedne svenske gentlemannen.

– Når du er landslagstrenar, er det lett for å bli for ambisiøs. Vi må spele med det vi har. Vi har nok ikkje tekniske spelarar som kan matche lag som Spania, Portugal og Nederland på det området. Derfor må vi møte slike lag på vår måte, vi kan ikkje slå dei på deira eigne premisser, seier Lars Lagerbäck.

Du kan høyre kampen på NRK P1 frå klokka 19.40 onsdag, og også følgje den her på NRK.no.

Siste nytt

  • Medier: Red Bull-topp forlater laget etter Horner-anklagene

    Flere medier skriver at Adrian Newey, hjernen bak Red Bull-bilen, slutter i Formel 1-laget grunnet misnøye med håndtering av trakassering-anklagene mot Christian Horner.

    Horner ble tidligere i år anklaget av en kvinnelig kollega, men etter en ekstern etterforskning fikk briten fortsette som Red Bull-sjef.

    Nå skal det imidlertid virke som bråket koster laget sin tekniske sjef. Newey har vært i Red Bull siden 2005, men situasjonen med Horner skal ha gjort 65-åringen urorlig.

    Det skriver flere medier torsdag, blant andre BBC, Auto Motor und Sport og Autosport.

    Neweys kontrakt med Red Bull går ut ved utgangen av 2025, men han skal ha fortalt laget at han vil videre allerede nå.

    Den genierklærte briten har blant annet vært koblet til Ferrari.

    Bahrain Grand Prix
    Foto: Hamad I Mohammed / Reuters
  • Skaslien og Nedregotten til semifinale i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten knuste Spania 9-3 og vant med det gruppen i VM i parcurling.

    Det betyr at de går direkte videre til semifinalen. Sveits, som lå likt med Norge før sist gruppespillskamp, tapte 7-8 for Japan.

    Den norske duoen endte som eneste par med sju seire på ni kamper.

    Estland ble nummer tre i gruppen og skal sammen med Sveits ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B, som fortsatt har én kamp igjen å spille.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Curling - Mixed Doubles Round Robin Session 13 - Switzerland v Norway
    Foto: ELOISA LOPEZ / Reuters
  • Ruud møter serber i Madrid

    Tennisstjernen Casper Ruud skal bryne seg på Miomir Kecmanovic i den 2. runden i storturneringen i Madrid. Serberen har vunnet flest kamper mellom de to.

    Torsdag ettermiddag vant Kecmanovic 1. runde mot kinesiske Zhang Zhizhen. Kampen var over på en drøy time og endte med sifrene 6-3, 6-2.

    Ruud har walkover til 2. runde i turneringen, der han møter Kecmanovic fredag.

    Kecmanovic vant de to første kampene mot Ruud på ATP-nivå. Det var riktig nok tilbake i 2019. Mye har skjedd for Ruud siden den gang, og i fjor ble Kecmanovic slått i finalen i Estoril.

    Italieneren Jannik Sinner venter for Ruud i en eventuell kvartfinale i den spanske hovedstaden. (NTB)

    Miomir Kecmanovic
    Foto: Denis Balibouse / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal