Sjå skiskyttarsprinten i Ruhpolding frå kl 11.40.
– Juleferien har vore fin. No håpar eg at eg kan vere med og kjempe om pallplassar, seier Emil Hegle Svendsen.
Verdscupen i skiskyting er i dag i gang igjen etter julepausen, med sprint i Ruhpolding.
Svendsen hadde ikkje den heilt store førjulsesongen.
– Det var nokså tungt før jul. Eg kjende meg sliten, seier han til NRK.
Vil ha overskotet tilbake
Det vil han rette på no, med to månader att til VM på heimebane i Holmenkollen i mars.
– Med litt meir overskot framover, så kan det bli rett så bra, seier han optimistisk før dagens sprint i den tyske skiskyttarmetropolen.
Renna denne helga skulle eigentleg gått i ein annan tysk by, Oberhof. Men der var det ikkje nok snø, dermed blir det to helger i Ruhpolding i staden.
– Og her håpar eg på pallplass, seier han.
VM er det store målet
Men det er i VM i Oslo han vil ha toppforemen inne.
– Det viktigaste no er å halde seg frisk, og å ha ein god plan med tanke på overskot og trening. Samanlikna med utlendingane har eg trena meir enn nok. Dersom eg slepp opp litt fram mot VM, blir det veldig bra.
– Kva var det som ikkje fungerte før jul?
– Det fungerte bra – heilt greit jamnt over, utan noko storløp. Men det mangla litt overskot. Eg har trena mykje i sommar og haust, og merka spesielt på sprint at eg fall litt gjennom.
– Eg var ikkje sterk nok, og måtte slite veldig for å gå fort. Andre løparar sprudla meir, og det er teikn på at eg har hatt for lite overskot, seier Svendsen.
Første testen blir dagens sprint i Ruhpolding.