– Du gikk frå eit anonym tilvære, til plutseleg å bli kjent igjen av både postbudet og bikkja i gata. Det blei litt ville tilstandar, seier keeper Christian Aarbogh Bjerke.
Han blei den store helten då 2. divisjonslaget detonerte cupbomba framfor 3000 elleville tilskodarar i april i fjor.
Aarbogh Bjerke stengte målet og redda enorme Brann-sjansar i 120 minutt.
– Eg hugsar at vi hadde 20 sjansar som var ganske store. Men keeperen stoppa alt, seier Brann-spelar Sivert Heltne Nilsen.
SNAKKAR UT: Tidlegare Førde-keeper Christian Aarbogh Bjerke meiner klubben ikkje tålte cup-suksessen.
– Forventningane blei for store
I straffesparkkonkurransen scora Førde på alle sine straffer, mens bommen til Bismarck Acosta sendte Brann ut av cupen.
Men sigeren gjorde noko med laget, meiner keeper-helten.
– Vi var ikkje den kameratgjengen vi var før Brann-kampen. Det skjedde noko med oss etter den kampen, hevdar Aarbogh Bjerke.
For det var ikkje enkelt for alle å bli stjerner over natta i den vesle byen med cirka 13.000 innbyggarar.
Utover i sesongen stilna jubelen. Førde vann berre fire kamper i 2. divisjon og rykka rett ned.
– Ein effekt som Brann-kampen kan ha hatt i negativ retning er at forventingane til laget blei for store, meiner tidlegare trenar Julian Madsen.
– Det blei forventningar til oss som vi ikke levde opp til, og då kom vi inn i ein dårleg syklus, seier Aarbogh Bjerke.
JUBELEN STILNA: Førde jubla for cupavansement mot Brann, men sigeren gjorde noko med laget, meiner keeper Christian Aarborgh Bjerke.
Foto: Christian Blom / NTB scanpixLaget forsvann
Forventingane blei nemleg forsterka etter at laget lenge spelte jamnt mot Sogndal i cupens andre runde. Men eit skot i krysset frå Rune Bolseth frå 17 meter sendte likevel eliteserielaget vidare til 3. runde.
Likevel meiner Madsen at sigeren mot Brann ikkje var årsaken til nedrykket.
– Du tapar ikkje ein kamp i august fordi du vann mot Brann i april. Vi var rett og slett ikke gode nok, meiner Madsen, som no trenar Lørenskog i 2. divisjon.
– Når du presterer så bra som vi gjorde mot Brann og Sogndal, blir du målt deretter i alt du gjer etterpå. Utover det, trur eg ikkje cupsigeren og nedrykket hadde ein samanheng, meiner sportssjef Johan Pettersen.
Nedrykket førte uansett til at stammen i laget forsvann.
UTSLÅTT: Kristoffer Larsen (t.v) og Kristoffer Barmen hadde truleg mest lyt til å grave seg ned etter cup-tapet mot Førde.
Foto: Christian Blom / NTB scanpix– Nyt det, men land
- Det endte med at stort sett heile stallen blei bytta ut, og at laget rykka ned. Det var brutalt, men fortjent, meiner Aarbogh Bjerke.
I dag har Førde ambisjonar om igjen å bli eit 2. divisjonslag på sikt. Torsdag møter klubben 1. divisjonslaget Florø i første runde, som både er nabo og erkerival.
Keeper Christian Aarbogh Bjerke har flytta til Hønefoss og spelar for Haugersæter i 4. divisjon.
Han har følgande råd til klubbar i lavare divisjonar.
– Gjør du det godt i cupen, så nyt det, men land så fort som muleg etterpå, seier Christian Aarbogh Bjerke.