– Hadde eg vore skiskyttar, hadde eg nok treft ein funksjonær.
Det seier Kasper Wikestad, ekspertkommentator i TV 2, som tippa Leicester på 20. plass før sesongstart.
– Det tipset er det berre å kaste i søpla.
Langflate ekspertar
NRKs fotballskribent Thore Haugstad hadde også dystre spådommar for «The Foxes». 20. plass og rett ned til Championship var tabelltipset i august.
– Det er berre å legge seg langflat.
Han skreiv blant anna i sitt tips:
«Det å repetere bragden til Pearson blir dog neppe enkelt.»
– Pearson og Leicester hadde ein mirakuløs sluttspurt i fjor som gjorde at dei redda plassen. Det trudde eg ikkje dei skulle klare i år.
I Bergens Tidene tippa redaksjonen Leicester på 18. plass. I vurderinga av laget skriv dei på minussida:
«Overpresterte i fjor. Mistet lederen Cambiasso. Få alternativer på midtbanen.»
– Eg meiner at dei overpresterte i fjor, og det gjer dei i år også, so til dei grader, seier Magnus Wikan i BT.
Den store overraskinga
Leicester har gjort alle spådommar til skamme, og har denne sesongen stått for den største overraskinga i ligafotball dei siste åra.
Med 11 kampar igjen å spele, ligg dei fortsatt øvst på tabellen, to poeng framom Tottenham. Det trudde ikkje Wikestad i august:
«Spillermateriellet er ikke helt godt nok, og det er et veldig stort spørsmålstegn ved Ranieri. »
I dag er han full av lovord om italieneren.
– Ranieri har gjort ting som er enkle, men intelligente. Eg er djupt imponert over det han har fått til.
.
«Vardy er ein middelmådig spelar»
Ein av dei som tippa Leicester høgast på tabellen, var Jens Friberg i Nettavisen. Han spådde at dei havna på 16. plass, og dermed unngjekk nedrykk.
– Det er litt godt at eg ikkje tippa på nedrykk, men ingen kunne sjå at laget skulle få ein slik oppsving. Det skulle ikkje skje, seier Friberg.
I omtalen av laget skreiv Friberg den gong at:
«Jamie Vardy, David Nugent og Tom Lawrence er alle relativt middelmådige spisser, selv om førstnevnte kan bekle flere posisjoner og trolig får mye spilletid.»
Med 19 mål so langt denne sesongen, er Jamie Vardy godt på veg til å bli toppskårar i ligaen.
– Det var ein av fleire skivebom, rett og slett ein elendig spådom
So gjenstår det å sjå om Leicester står igjen på topp etter sesongen. Ekspertane er einige om at det vil bli tidenes sjokk.
– Eg har aldri opplevd noko større sjokk, det er ein skrell av dimensjonar, seier Wikan i BT.
– Det er nok den største overraskinga i internasjonal ligafotball på denne sida av 2000-talet, seier NRK-ekspert Haugstad.