Det er vanskeleg å samanlikne tidenes svømmar med tidenes sprinter, men etter ekstrem gullfangst over fleire OL er ikkje diskusjonen ubetydeleg:
Kven er tidenes største olympier? Michael Phelps eller Usain Bolt?
– Større å vinne i fire strake OL
I kjølvatnet av Bolts tredje strake 100-metergull har ESPN-podcasten First&Last tatt opp temaet.
Og i avisa Herald Sun er kommentator Scott Gullan ikkje i tvil. Han meiner Bolt allereie er tidenes olympier.
– Eg synst ikkje det, kontrar NRKs svømmeekspert Alexander Hetland.
VM-vinnaren i kortbanesvømming meiner at Michael Phelps er ein større olympier enn Bolt, sjølv om Bolt skulle ende opp med å ta 200-metergull og stafettgull for tredje gang på rad i OL.
– Michael Phelps har tatt OL-gull meir enn tre gangar på rad. Han har gjort det fire gangar på rad. Både 200 meter medley, 4x200 meter fri og 4x100 meter medley har han tatt sidan Aten i 2004, seier Hetland.
– Å vinne ei øving fire gangar på rad er større enn å vinne tre gangar på rad, legg han til.
– Svømming er størst
NRKs friidrettsekspert meiner det blir vanskeleg å rangere svømmaren Phelps over sprinteren Bolt om jamaicanaren tar den enorme trippelen.
– Eg meiner han då blir aller størst. Men eg er kanskje litt innhabil som friidrettskommentator, seier Rodal.
Hetland meiner Phelps driv med ein idrett som målt i utøvarar er større.
– Det er fleire som driv med svømming enn friidrett, seier han og legg til:
– Det er ein større internasjonal idrett. Ein kan jo argumentere med at det er fleire som driv med løping i og med at alle løper. Men eg tenker at du må vere medlem av ein klubb og faktisk satse på det for at det skal telle, seier Hetland.
– Åtte av ti vil helst ha sprintgull i løping
Rodal trur uansett at eit sprintgull heng høgare.
– Eg trur nok åtte av ti ville hatt det i løping, og då i formel 1-øvinga 100-meter sprint. Spør du meg er det gullet med aller høgast status, seier Rodal.
Svømmeekspert Hetland meiner Bolt kan bli tidenes olympier, men då må han også delta i neste OL og ta sitt fjerde strake sprintgull.
– Phelps er soleklart tidenes olympier, men om Bolt tar trippel i 2020 kan vi begynne å snakke, seier Hetland.