- 20.45: Følg og hør kampen direkte her!
I kveld ventar Romanias største test etter at svenske Tomas Ryde tok over jobben som landslagssjef etter den autoritære og temperamentsfulle Georghe Tadici.
Under Tadici tok Romania aldri gull, men kjempa seg til VM-sølv i 2005.
– Dårleg kosthald og kjefting
Ifølge Norges landslagssjef Thorir Hergeirsson og NRKs handballekspert Geir Oustorp er dette nokre av grunnane til at nasjonen aldri har nådd heilt til topps.
SUKSESS: Tomas Ryde har tatt Romania VM-semifinale mot Norge.
Foto: DRESLING JENS / Ap– Dei har slurva med kosthald og kjefta på kvarandre når det ikkje har gått bra. Det har vore det store problemet i laget, seier Thorir Hergeirsson.
– Før kamp og i pausen måtte fleire av jentene ut og ha seg ein «blås» for å prestere bedre, fortel NRKs handballekspert Geir Oustorp.
– I tillegg har dei hatt ein trenar som er på Trefilov-nivå (Russlands landslagssjef). Tadici har ikkje vore snill med dei rumenske jentene. Fryktkulturen fører til at jentene ikkje får ut potensialet sitt, fortel Oustorp.
Under eit år etter at Ryde fekk landslagsjobben er situasjonen ein heilt annan.
– Ryde har snudd opp ned på tilbakemeldingane spelarane får. No ser det ut som dei har det meir kjekt på handballbana, seier NRKs ekspert.
Taus om utfordringane
På spørsmål om Hergeirsson er overraska over kor raskt Ryde har fått resultat med laget svarer landslagssjefen slik.
– Det vil nok svinge i periodar framover, men dei har hatt ei veldig rask utvikling. Vi veit godt kva Tomas står for: Lagånden. Han veit akkurat kva knappar han skal trykke på, seier Hergeirsson.
HÆRFØRARMØTET: Norges Stine Bredal Oftedal og Romanias stjerne Christina Neagu møtes til kamp om VM-finaleplass i kveld.
Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix– Det er heilt sikkert spelarar som fortsatt røykar både på Romania og andre lag, men dei har nok fått meir toppidrettskultur inn i troppen, seier Oustorp.
– For aust-europeiske lag har det vore positivt å få inn vest-europeiske trenarar som fokuserer på det, legg han til.
Ryde er taus om kva utfordringar laget hadde då han tok over Romania.
– Det vil eg ikkje snakke om.
– Kvifor ikkje?
– Det vil eg halde internt.
– Derfor slår Norge Romania
Sjølv om framgangen har vore enorm: I semifinalen i kveld blir Norge eit par hakk for store, trur Oustorp.
– Det er på gunn av at Norge er eit mykje bedre lag. Spelar for spelar og som lag, seier han.
PS: Romania har kun slått Norge i tre av dei siste ti oppgjøra.
- 2009: Norge - Romania 27 - 28
- 2009: Norge - Romania 34 - 31
- 2009: Norge - Romania 25 - 24
- 2010: Norge - Romania 20 - 21
- 2010: Norge - Romania 23 - 24
- 2011: Norge - Romania 33 - 21
- 2013: Romania - Norge 23 - 25
- 2013: Norge - Romania 30 - 18
- 2014: Norge - Romania 27 - 19
- 2015: Romania - Norge 22 - 26