– Med tanke på tilliten til norsk idrett og korleis midlar blir forvalta har rapporten ingen verdi, all den tid rapporten overhodet ikkje tar for seg korleis pengar er blitt brukt i idretten gjennom tidene, seier Leif Welhaven.
Han har hatt ei sentral stemme gjennom heile debatten om openheit i idretten, og meiner mandatet utvalet har hatt er problematisk.
– Har ikkje leita etter lort
– Det er problematisk at idretten så til dei grader set premissar for jobben Bernander-utvalet skulle gjere, i tillegg til at fire idrettsleiarar sit i utvalet. Det framstår ikkje spesielt autonomt, meiner Welhaven.
Bernander presiserte da han la fram rapporten at utvalet ikkje har hatt mandat til å granske avgjerder som er tatt tidlegare. Som for eksempel kritikken forbundet har fått på ressursbruken under OL i Sotsji.
– Me har ikkje leita etter lort, det var heller ikkje oppgåva vår, seier Bernander.
Fem månader har utvalet brukt for å gje sine anbefalingar til idrettspresident Tom Tvedt. Utvalet har samanlikna idrettsforbundet med eksterne og interne organisajonar, blant anna Norsk Folkehjelp, Raude Krossen og Norges Fotballforbund.
Må bli betre varslingsrutiner
Her er nokre av råda i utvalets rapport.
- NIFs årrapport må innehalde ein eigen utgreiing om korleis openheit praktiserast og utviklast.
- Det må bli etablert innsynsrett i løpande avviksrapporteringar
- Det må bli ein fast praksis at Idrettsstyret må offentleggjere sine og generalsekretærens reiserekningar.
- Varslingsrutinene må bli betre. Idretten har rutiner allereie, men ikkje slik det er nødvendig for den moderne verda, seier Bernander.
- Det bør bli innført maksimalbeløp på reise. Utvalet foreslår ei rekkje nye rutinar for handtering av reiserekningar. Blant anna blir det foreslått å etablere beløpsgrenser for refusjon av reise og representasjonskostnadar, eller ein eigen standard med maksimalbeløp.
Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) tvang i april idrettstoppane til full openheit etter ein periode med stort medietrykk rundt pengebruken til idrettsforbundet. Reiserekningane til idrettstoppane var spesielt i fokus.
Må etablere standarder
Det er noko også utvalet meiner Idrettsforbundet bør gje større innsyn i.
– Ein må tenkje, er dette noko eg kunne fortald til naboen? Da er det like greitt at det er opent. Det som er avvik frå standarden bør vere offentleg, seier Bernander.
– Har idretten vore opne nok?
– Dei har ikkje etablert standarder som dei kan bli målt i mot, for eksempel på reiserekningar. Slik at me kan fjerne mistenksamheiten om at dei har ødsla med pengane, seier Bernander til NRK etter rapportframlegginga.
– Me anbefalar klare retningslinjer og tydelegare standarder, legg Bernander til.
– Når me samanliknar idrettsforbundet med andre friviljuge organisasjonar ser me at det blir praktisert ein større grad av openheit og innsyn enn me ellers ser, men det er mykje som kan bli betre, oppsummerer utvalsleiar John G. Bernander.
Har verdi framover i tid
VGs kommentator Leif Welhaven meiner rapporten kan vere viktig for større offentlegheit framover.
– Viss ein ser framover i tid har rapporten verdi med i den forstand på plass ein får på plass ein sikkerheitsmekanisme med klare beløpsgrenser og eit system der det skal bli rapportert inn på detaljnivå, seier Welhaven.