NRK Meny
Normal

– Beste løpet verda har sett

Sven Kramer knuste sin eigen uoffisielle verdsrekord på låglandsbane med nesten tre sekund på 5000-meteren i distanse-VM på skøyter.

Kramer inn til en suveren ledelse!

SUVERENT: Her går Sven Kramer i mål til den beste tida nokon har fått på 5000 m på låglandsbane

– Dette løpet er nok sterkare enn den offisielle verdsrekorden. Det er det beste løpet verda har sett, sa NRK-kommentator Even Wetten.

Kramer fekk tida 6.06,82. Den gamle låglandsrekorden hadde han sjølv på 6.09,65 frå Heerenveen.

Definisjonen på låglandsbane er baner som ligg mindre enn 500 m over havet. Alle dei offisielle verdsrekordane er frå banene i Salt Lake City og Calgary, som begge ligg meir enn 1000 meter over havet.

Det er Sven Kramers femte strake VM-tittel på distansen, og hans åttande totalt.

– Eg er nøgd med gjennomføringa av løpet, sa han om duellen med Jorrit Bergsma, som lenge heldt følgje.

– Eg kjende at eg hadde kontrollen, og fire-fem rundar før mål greidde eg å akselrere, sa Kramer til nos.nl.

Storfavoritten gjekk i nest siste par, med utfordrar Ted-Jan Bloemen i paret etter. Derfor måtte Kramer berre gå det han orka.

Han opna med ein 28,3-runde, hadde tre rundar til på 28-talet, og var aldri over 29,4.

Bloemen gjorde eit godt forsøk, og leia på Kramer til passering 2600 meter. Men då var det slutt, og Bloemen enda på femteplass.

Medaljelaus trass godt løp

Norges medaljehåp Sverre Lunde Pedersen gjekk eit jamt og godt løp, men det heldt ikkje heilt inn. Tida blei 6.15,77 – ei av dei beste tidene han har fått på låglandsbane.

Video: Sjå Pedersens siste rundar her:

Lund Pedersen inn til foreløpig 1. plass.

MEDALJELAUST: Sverre Lunde Pedersen gjekk jamnt og godt, men det helt ikkje til pallplass

– Han har gått sitt beste løp på 5000 denne sesongen. Men han gjekk ein litt for svak sisterunde, slik han har for vane, sa NRK-kommentator Even Wetten under direktesendinga.

– Han gjer ingen feil, det ser ut til at han er tom for krefter. Men det er ingen kollaps, det er berre ein litt for svak runde, seier Wetten.

Pedersen sa før løpet at han ville gå for medalje, og at han ville halde seg på rundetider på rundt 29,7.

Det såg ut til å halde. Alle rundane fram til den nest siste var mellom 29,3 og 29,7. Men sisterunden på 30,4 sende han over 6.15.

– Tida er den nest beste eg har hatt på ei låglandsbane, og den er i seg sjølv god. Men eg kjenner at eg har hatt nokre dagar med sjukdom, sa Pedersen til NRK etter løpet sitt.

– Det er nok litt for svakt til medalje, sa han i pausen før dei siste para.

Historisk bronsemedalje

Peter Micahel blei nummer tre med 6.11,67. Det helt til bronse, og til New Zealands første meisterskapsmedalje på skøyter nokosinne.

Med eit knalløp der han opna på 28,3 og elles heldt seg på 29-talet heldt han Douwe de Vries bak seg. Nederlendaren blei nummer fire.

Siste nytt

  • Stabæks måltyv takket nei til Kina

    Stabæk fikk nylig et tilbud på over 20 millioner kroner for Ohi Omoijuanfo, men bæringene takket nei til budet fra kinesiske Henan Jianye, skriver Nettavisen. Spissen scoret 17 mål på 27 seriekamper forrige sesong.

    Eliteserien i fotball 2017. Lillestrøm - Stabæk. (2-2)
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
  • Vipers var overlegne mot Tertnes

    Serieleder Vipers legger press på rivalene etter en klar 33-22-seier hjemme mot Tertnes i eliteserien i håndball. Vipers ledet 18–8 til pause, og endte til slutt med ellevemålsseier for vertene. Kristine Lunde-Borgersen ble Vipers toppscorer.

    Vipers-Tertnes
    Foto: Geir Ingar Egeland
  • Juventus-kamp utsatt etter snøvær

    Et banedekke bedre egnet til langrenn enn fotball gjorde at Juventus' hjemmekamp mot Atalanta ikke ble spilt søndag. Ny dato for Serie A-duellen er ikke satt. Etter at spillerne hadde varmet opp ble det besluttet at kampen flyttes til en annen dag.

    SOCCER-ITALY-JUV-ATA/
    Foto: MASSIMO PINCA / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
OL-magasin spesial