Det blei ein brutal start på ei ny NM-karriere for skøyteløpar Håvard Bøkko i går. Mannen med heile 35 NM-titlar på skøyteisen var denne gongen langt unna eit nytt gull på sykkelsetet.
Vurderer nytt NM
– Det var fem veldig harde mil. Eg holdt akkurat til toppen av fyrste bakke. Etter 13 minutt då sprakk eg. Som vanleg. Dette er alt for langt for ein feit kar som meg, ler Bøkko.
Hallingdølen kom inn til ein 57. plass av 87 startande, over elleve minutt bak gullvinnar Edvald Boasson Hagen. Men det hindrar ikkje Bøkko i å vurdere ein lengre sykkelkarriere.
LES SAKA: Boasson Hagen blei historisk
– I år blir det ikkje fleire ritt, men det freistar eigentleg til gjentaking eigentleg. Sjølv om ikkje har lyst til å sykle ritt i morgon.
– Kor hardt var det?
– Det var fem mil med sjølvpining, så det er jo rart det er over 100 personar i Noreg som vil dette her, smiler ein sliten Bøkko som likevel avslørar at han tenkjer framover.
– Kor er NM neste år eigentleg? Eg har lyst til å revansjere meg, smiler 28-åringen lurt.