– Alle varselsignal er på maksimum

Få hadde trua på Angola før OL starta, men kveldens motstandar for dei norske damene har overraska stort. Landslagsleiinga har skrudd opp beredskapen.

Teresa Almeida

GOD: Angolas målvakt Teresa Almeida har vore ein av lagets beste spelarar i OL.

Foto: ERIC FEFERBERG / Afp

Høyr Norge - Angola direkte og få tekstoppdateringer her. Sendestart 21.03, kampstart 21.40

– Dei ser veldig gode ut. Og dei spring heilt sinnssjukt mykje. Eg trudde vi sprang mykje, men..., seier Norge-spelar Veronica Kristiansen.

Angola har lenge vore det beste laget i Afrika, med gull i seks av dei sju siste Afrika-meisterskapa. Men i OL og VM har dei aldri blitt betre enn nummer sju.

I dette OL har Angola derimot overraska med å først slå sterke Romania (bronsevinnar i VM i fjor) 23-19 og deretter Montenegro 27-25 (sølvvinnar i OL i 2012).

Kristiansen tar av den grunn slett ikkje lett på dagens kamp, som var spådd som ein av dei enklaste i gruppespelet.

– Vi visste at dei var gode, men dei har tatt mange steg no, sier ho.

– Dei er kjappe og spenstige. Dei vert tøffe å møte.

– Kjappe

Mats Olsson

UORTODOKS: Både målvakta og spelet til Angola er av det uvanlege slaget, meiner Norges keepertrenar Mats Olsson

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Alle spelarane spelar i klubbar i Angola, og laget har ein spelestil som Norges keepertrener Olsson synest er litt uvanleg.

– Vi er litt overraska over at Angola står med to klare sigrar, seier han.

– Men det betyr berre at alle varselsignal er på maksimum, legg han til.

Spesielt har målvakta Teresa Almeida gitt Norges analyseteam litt å jobbe med. Stilen hennar er litt annleis, men den fungerar - målvakta blei trukke fram som ein av dei viktigaste årsakane til sigeren over Romania.

– Eg har sett henne berre litegrann i den første kampen. Det er ein god keeper, litt annleis enn det vi er vane med. Det er mykje volum, om vi kan seie det slik, seier Mats Olsson om Angolas målvakt.

– Vert ikkje lett

Almeidas store styrke er reaksjonsevna.

– Eg er nok den beste målvakta her i Rio, sa ho etter sigeren over Montenegro.

Almeida redda 10 av 29 skot mot Romania (23-19) og 12 av 29 mot Montenegro (27-25). Det gir 34 og 41 i redningsprosent.

Kari Aalvik Grimsbø hadde til samanlikning 32 mot Spania.

I kveld er det Norges skyttarar som skal prøve å sende ballen forbi Almeida.

– Keeperen har vore utruleg god. Det er eit tøft lag, seier kaptein Stine Bredal Oftedal.

NRK-ekspert Øystein Havang trur på norsk siger, men tvilar på at den kjem så lett som ein trudde før OL.

– Det vert definitivt ikkje lett. Angola har overraska alle og Norge skal nok få kjørt seg, seier han.

Siste nytt

  • Kompany forlater City

    Manchester Citys lagkaptein Vincent Kompany forlater klubben etter elleve sesonger. Lørdagens FA-cuptriumf ble hans siste kamp i lyseblått, skriver han på Facebook. Kompany varsler at et nytt innlegg om kort tid vil fortelle hvor framtiden ligger.

    Kompany
    Foto: David Klein / Reuters
  • Til finale i Brasil

    Anders Mol og Christian Sørum er klare for finale i sandvolleyballturneringen i Brasil. I semifinalen slo de polske Piotr Kantor og Bartosz Losiak i tre sett. I søndagens finale blir det polsk eller nederlandsk motstand for de norske gutta.

    Mol og Sørum
    Foto: Peter Schneider / AP
  • Vipers-siger etter ekstraomgangar

    Vipers tok første stikk i sluttspelfinalen mot Storhamar. Men det måtte ekstraomgangar til i den dramatiske kampen som til slutt enda 42–40 til Vipers. Dermed har laget sikra seg eit godt utgangspunkt før returoppgjeret på Hamar tysdag.

    Sluttspillet Eliteserien Kvinner.
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal