– Vi har vurdert habiliteten til alle medlemmene i utvalet, og i reknar oss alle for habile, skriv leiaren for granskingsutvalet Katharina Rise i ein mail til NRK.
Langrennskomiteen utnemnde tidlegare i haust eit utval som skal granske medisinbruken, på bakgrunn av alt som har kome fram om astmamedisinbruk i langrennsporten.
Svenske Kjell Larsson har tidlegare samarbeidd med eksperten som skiforbundet har knytta til seg i astma-saka, Kai-Håkon Carlsen. Dette har det vore stilt spørsmål ved.
Derfor har utvalet bestemt at dersom det blir aktuelt, fråtrer Larsson utvalet dersom det blir gransking eller vurderingar der Carlsen blir trekt inn.
Rise vil ikkje kommentere nærmare habilitetsvurderinga av kvar enkelt av dei fem utvalsmedlemmene.
– Men dei har vore grundige, og alle medlemmene vil bli fortløpande vurdert dersom det oppstår situasjonar som kan leie til at det blir stilt spørsmål ved truverd og sjølvstende, og dessutan publikums tillit til vårt arbeid og våre vurderingar, skriv Rise.
Ho vil ikkje seie meir om utvalet og utvalets arbeid no, men lovar at rapporten blir offentleg når han er ferdig.
– Vår frist for å bli ferdig er 1. januar 2017, skriv Katharina Rise.