Den argentinske 29-åringen tok ein taxi til flyplassen etter å ha vore på konsert i Amsterdam. Men drosja køyrde inn i ein stolpe og Agüero braut minst eitt ribbein, ifølgje ESPN.
Dermed blei det tur til sjukehuset i staden for fly heim til Manchester.
Manchester City stadfestar at Agüero «var i Nederland på fridagen sin og pådrog seg skade. Han kjem til Manchester i dag og skal granskast av våre legar».
– Han er framleis i Amsterdam og kjem tilbake i dag. Eg er ingen doktor og har ikkje snakka med han. Det viktigaste er at han blir fort frisk og har det bra - ikkje at han spelar i morgon, sa Pep Guardiola på ein pressekonferanse fredag.
Ute i lang tid
Uhellet vil ifølgje fleire medier halde Agüero borte frå fotballbana ei god stund, kanskje opp til åtte veker.
Det betyr at han misser fleire av Citys kampar – den første er storkampen mot Chelsea i Premier League laurdag. Agüero har scora seks mål i dei fem siste kampane for City.
Han mister også dei to siste VM-kvalifiseringskampar for Argentina, mot Peru og Ecuador dei to neste vekene. Det kan bli avgjerande for Argentina, som slit med å bli blant dei fire søramerikanske laga som får plass i neste års fotball-VM.
– Han hadde fri
BBCs kommentator Simon Stone stiller spørsmål ved kvifor Agüero var i Amstedam i går, på bakgrunn av Citys kamp mot Chelsea laurdag kveld.
For Guardiola er det ikkje problematisk at Agüero tok seg ein tur til Amsterdam.
– Han hadde ein fridag. Eg vil at spelarane mine skal ha det bra. Dei må få lov til å ha fri og nyte livet og ha det moro.
På spørsmål om han nå vil innføre strengere regler for spelarane, svarer City-manageren kort og greit:
– Nei, vi har nok reglar som det er.