Thomas Myhre i biografi: – Eg hatar Åge Hareide

Den tidlegare Viking- og landslagskeeperen går hardt ut mot Åge Hareide i boka som snart kjem ut, og som NRK har fått tilgang til.

Thomas Myhre og Åge Hareide

USEMJE: Thomas Myhre og Åge Hareide etter landskampen der Myhre sleppte inn to tabbemål. I Viking nokre år seinare skar det seg fullstendig mellom dei

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

Det er Arild Stavrum som har skrive biografien Åge Hareide – et fotballiv, om mannen som har hatt mykje suksess, men som også har vore omstridd.

Viking er ein av klubbane han har trena.

Hareide kom til Viking i 2010, året etter at Stavanger-klubben hadde kjøpt keeper Thomas Myhre som si store signering.

Då Hareide kom til Viking, møtte han keeperen som med to tabbemål mot Tyrkia i 2007 hadde kosta Hareide jobben som landslagstrenar, skriv Arild Stavrum i boka.

– Eg merka fort at eg ikkje var tiltenkt ei rolle, seier Myhre til forfattaren. Han opplevde tida under Hareide som iskald. – Åge var oppteken av å bli kvitt meg.

Åge Hareide

MISNØGD: – Det var som å kome til eit bomba hus, sa Åge Hareide om då han tok til som trenar i Viking

Foto: Alf Vidar Snæland / NTB Scanpix

Det toppa seg etter episoden der Myhre blei dopa ned på ein utestad i spanske Marbella under ein treningsleir, og svindla for over 150.000 kroner.

– Der såg Åge sjansen til å bli kvitt meg. Han var ekstremt kynisk, og brukte alle midlane han hadde. Eg blei nekta å trene. Det var total utfrysing. Uansett kor mange gonger eg prøvde å be om eit møte, avlyste Åge, seier Myhre.

Han trekkjer også Vikings dåverande sportsdirektør Egil Østenstad inn i konflikten. Han fekk nyss om at Østenstad ville lekke saka til pressa. Det er Myhre sikker på at Østenstad gjorde etter press frå Hareide.

Ultimatum

– Om du ikkje skriv under på sluttavtalen, kjem det ut at du er narkotikamisbrukar, skal Østenstad ha sagt.

– Det er ein påstand verken eg eller Viking kjenner oss igjen i, seier Østenstad i boka.

Uansett forlét Myhre Viking i 2010.

– Eg hatar Åge Hareide, seier Myhre i boka.

Hareide sjølv fortel frå lagmøtet i Marbella etter neddopings-episoden.

– Alle var der, unnateke Myhre. Under møtet banka han på døra. Eg bad han vente, eg ville ikkje sleppe han inn i den tilstanden han var i. Etter det ville eg ha han løyst frå kontrakten, seier Hareide.

– Når ein spelar skuffar han, er Åge nådelaus. Kjem du ut i kulden hos han, då er det kaldt, seier Moldes klubblege Kjell Erik Strømskag.

– Som å kome til eit bomba hus

Hareide har elles ikkje mykje godt å seie om Viking på den tid.

– Det fanst ikkje eit arkiv igjen – ingenting på spelarane. Det var som å kome til eit bomba hus.

Boka går detaljert – og nokså kronologisk – inn på Hareides opp- og nedturar, frå debuten i toppfotballen på tidleg 70-tal til VM-suksess med det danske landslaget i sommar.

Det inneber seriegull med klubbar både i Noreg, Sverige og Danmark, pluss 50 landskampar som spelar og nesten seks år som trenar for det norske landslaget.

Og det skildrar ein trenar som kynisk går etter resultat der det meste er svart-kvitt: Siger eller tap.

NRK har førelagt Thomas Myhre spørsmål om denne saka, men han vil ikkje kommentere det. NRK har også bedt Åge Hareide om ein kommentar, men han har ikkje svart.

Siste nytt

  • Marerittkveld for PSG

    PSG-spillerne Neymar og Kylian Mbappé måtte begge gå av banen med skade for henholdsvis Brasil og Frankrike i kveldens landskamper. Neymar tuslet av banen etter 8 minutter mot Kamerun, mens Mbappé gikk av før pause mot Uruguay.

    Neymar
    Foto: Frank Augstein / AP
  • Sverige rykket opp

    Sverige måtte slå Russland i den siste nasjonsligakampen for å vinne gruppen, og også rykke opp til øverste nivå. Victor Lindelöf sendte svenskene i føringen tidlig, og Marcus Berg punkterte kampen i 2. omgang. Dermed rykker Sverige opp.

    WEB_SPORT
    Foto: Jonas Ekströmer/tt / NTB scanpix
  • Serbia trolig Norges motstander

    Skottland sørget med seier over Israel for at de er beste gruppevinner i C-divisjonen i nasjonsligaen. Norge er da nummer to, og møter 3.-rangerte Serbia til omspill om EM-plass, med mindre de tar seg videre gjennom den vanlige EM-kvalifiseringen.

    UEFA Nations League - League C - Group 4 - Serbia v Lithuania
    Foto: Marko Djurica / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Line med sjakkekspertene
VM sjakk: Parti 9: Magnus Carlsen - Fabiano Caruana
VM sjakk: Parti 9 Magnus Carlsen - Fabiano Caruana
VM sjakk: Parti 9