– Om ikkje topputøvarane som generere gode inntekter, held seg innan det etablerte systemet, kan ikkje forbunda makte å finansiere dei yngre utøvarane som er på veg mot toppen, seier Lewis til NRK.
– Synest du det norske skiforbundet har takla denne saka bra?
Lewis nøler før ho svarar.
– Dei kom fram til ei løysing som begge kan leve med, er hennar korte svar.
Glad Northug er tilbake
Ho er uansett glad for at Petter Nothug er tilbake i verdscupsirkuset, etter at partane skreiv under ein avtale søndag.
– Dette er godt nytt. Han er ein entertainer og ein ekstraordinær idrettsutøvar, og alle langrennsinteresserte gleder seg over at han skal vere med også dei neste åra, seier Sarah Lewis.
Men ho trur også at dersom mange topputøvarar vel same løysinga som Northug har valt, nemleg å stå utanfor skiforbundet sine opplegg, kan det bli ein trussel mot det systemet som forbundet står for.
– Også Petter Northug hadde god nytte av Skiforbundet då han var ung og framstormande for 10-15-20 år sidan, seier Lewis.
– Derfor byggjer skiforbundet på denne modellen, at utøvarane skal halde seg innanfor systemet, også når dei blir så gode at dei har gode inntektspotensial på idretten sin, seier ho.
– Kan bli ein trussel
– Så om fleire superstjerner gjer det same som Petter Northug, blir det ein trussel mot systemet?
– Ja. For då blir det ikkje lenger mogeleg å finansiere dei unge.
– Kjenner du til andre topputøvarar innnan skiidretten som har planer om å gjere det same?
– Det har fleire gjort før, og dei fleste har kome tilbake i «folden» igjen. Og når vi ser på Northugs beste sesongar, kom dei då han var innanfor skiforbundets satsing.
– Så dette har også å gjere med korleis ein kan finne individuelle løysingar innanfor forbunds-systemet. Det har for eksempel Aksel Lund Svindal klart, seier Sarah Lewis.