Hopp til innhold

– Norge er ein siger unna OL-kvalifisering

Norge har ikkje kvalifisert seg til OL i herrehandball sidan 1972, men no har dei ein alle tiders sjanse til å nå OL i Rio.

Hykkerud

KAN FÅ MEIR Å JUBLE FOR: Bjarte Myrhol, Erlend Mamelund og Joakim Hykkerud jubla over plass i mellomrunden etter sigeren mot Kviterussland. Med gode resultat i dei neste tre kampane kan det bli meir å juble for.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Så lenge vi blir betre plassert enn Sverige, Russland, Ungarn og Kviterussland, skal det halde til å få ein plass i OL-kvalifiseringa, seier Zeljko Tomac i det norske trenarteamet.

Av dei laga han nemner er det berre Russland som har med seg poeng inn i mellomrunden. Dei andre står med null poeng, medan Norge har fire (sjå faktaboks).

Skal halde med ein siger

Om Norge plasserer seg betre enn dei nemnde landa, betyr ikkje det at dei går rett til Rio. Skal dei gå rett til OL må dei vinne EM eller tape mot Frankrike i ein finale. Dei allereie er kvalifisert som regjarande verdsmeister, og om Frankrike vinn EM vil tapande finalist få plassen som direkte kvalifisert (sjå faktaboks under).

Går Norge inn i OL-kvalifiseringa, skal dei spele tre kampar i april. Vert dei topp to av dei fire laga i kvalifiseringsgruppa, får dei OL-plass.

– For å plassere oss betre enn Sverige, Russland, Ungarn og Kviterussland trur eg vi treng ein siger i mellomrunden. Då skal dei andre laga ha mykje marginar med seg for å plassere seg betre enn oss, seier Tomac.

Sist det norske herrelandslaget i handball var med i OL var i München – heilt tilbake i 1972.

Tvedtens vurdering av motstandarane

Håvard Tvedten

KJENNER LAGA GODT: NRKs handballekspert, Håvard Tvedten, kjenner Norges kommande motstandarar godt, både som ekspert og tidlegare spelar.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Men før ein tar heilt av og byrjar å snakke om OL-plass, har Norge ein alle tiders mogelegheit til å ta seg til semifinalen i EM for første gong. Norges beste plassering i eit EM er ein sjetteplass, under EM på heimebane i 2008.

På vegen mot semifinalen skal dei møte Polen, Frankrike og Makedonia. NRKs handballekspert, Håvard Tvedten, har vurdert styrker og svakheiter på Norges motstandarar.

Norge-Polen, laurdag 23. januar klokka 20.30

  • Styrker: Dei har heimebane og 15,000 fans i ryggen. Det skal ikkje undervurderast.
  • Svakheiter: Til no har dei ikkje vore så gode i etablert angrep, og dei manglar ein som tar tak i angrepsspelet.

Norge-Makedonia, måndag 25. januar klokka 18.15

  • Styrker: Kiril Lazarov. Han er høgreback og speler for Barcelona. Ein klassespelar med over 1000 landslagsmål.
  • Svakheiter: Dei er ikkje like godt trent som det norske laget, og Norge kan slite dei ut, slik som dei gjorde med Kviterussland.

Norge-Frankrike, onsdag 27. januar klokka 18.15

  • Styrker: Dei har eit vanvittig trøkk i angrepsspelet sitt og har god fysikk. Dei er regjerande verdsmeistrar.
  • Svakheiter: Det er vanskeleg å finne nokon, men dei har vore litt ustabile og tapte blant anna mot Polen i det innleiande gruppespelet.

Norge har om kjend fire poeng med seg inn i mellomrunden. For å nå semifinalen bør dei vinne to av dei tre neste kampane.

Siste nytt

  • Bodø/Glimt møter Dinamo Zagreb i playoff til mesterligaen

    Dinamo Zagreb blir Bodø/Glimts motstander i kampen om en plass i Champions League. Kroatene vant 6-3 sammenlagt over Ludogorets.

    Kroatene hadde med seg 2-1-ledelse fra den første kampen, og på hjemmebane ble det 4-2-seier. (NTB)

    Tredje kvalifiseringsrunde til Champions League 2022/2023: Bodø/Glimt - Zalgiris Vilnius (5-0)
    Foto: Mats Torbergsen / NTB
  • Medier: Børven på vei til Vålerenga

    Angrepsspiller Torgeir Børven (30) er på vei tilbake til sin gamle klubb Vålerenga, melder flere norske medier.

    Varden erfarte først at Børven hadde bestemt seg for sin nye klubb. Nettavisen har i likhet med skiensavisen kilder på at Børvens tyrkiske klubb har gått med på å slippe ham.

    Ifølge VG er det snakk om en 2,5 års avtale i Oslo-klubben hvor han spilte i to år.

    Vålerenga er i medvind om dagen og sikret seg sist uke landslagsstopper Stefan Strandberg. VIF har vunnet fem strake kamper i Eliteserien.

    Børven har siden i fjor vært under kontrakt med Gaziantep. (NTB)

    Eliteserien fotball 2020: Strømsgodset - Rosenborg (3-3)
    Foto: Trond Reidar Teigen / NTB
  • Vos til topps i åpningen av Tour of Scandinavia

    Syklist Marianne Vos vant den første etappen av Tour of Scandinavia etter en jevn spurt i Helsingør.

    Nederlandske Vos (Jumbo-Visma) vant foran Megan Jastrab (DSM) og Shari Bossuyt (Canyon) i den 145 kilometer lange etappen fra København til Helsingør.

    – Det gikk veldig veldig fort. Jeg var veldig nervøs. Alle ønsker å være langt framme, men jeg er veldig glad for å kunne ta det, sa Vos til TV 2 etter seieren.

    Det norske håpet Susanne Andersen kom seg aldri i en god posisjon i massespurten og havnet utenfor topp ti. (NTB)

    First stage of the women's Tour of Scandinavia
    Foto: RITZAU SCANPIX / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 52 klipp
Sport
Spiller nå
Her stagediver Vetle Sjåstad Christiansen etter den fjerde Blink-seieren 00:55
Neste