70 millionar til sjakk-OL

Stortinget vedtok tysdag å løyve 70 millioner kroner til sjakk-OL i Tromsø i 2014.

Magnus Carlsen og sjakk med levande brikker

Magnus Carlsen flytter ei svarte 'brikke' i sjakkmatchen framfor Stortinget

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Tromsø er norsk søkjar til sjakk-OL, men konkurrerer med Varna i Bulgaria om å få arrangementet. Den endelege tildelinga skjer i oktober.

Video: Magnus Carlsen promoterte sjakk-VM med levende brikker utenfor Stortinget.

Video Magnus Carlsen ved Stortinget

- Dette er ein heilt fantastisk dag, eg har ikkje ord for det, seier generalsekretær Dag Danielsen i sjakkforbundet til NRK.

- Kampen mot Bulgaria skal vi vinne. Det har eg svært godt håp om, seier Danielsen.

Magnus Carlsen t.v. og stortingsmann Kåre Simensen spelar sjakk med levande brikker

Magnus Carlsen og stortingsrepresentant Kåre Simensen markerte søknaden om sjakk-OL

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Utanfor Stortinget spela Magnus Carlsen sjakk mot stortingsrepresentant Kåre Simensen (Ap) og Jøran Aulin-Jansson, president i Norges Sjakkforbund, for å promotere søknaden om sjakk-OL i Tromsø om fire år. Carlsen spela med svarte "brikker".

Siste nytt

  • Haaland-show i sesongpremieren

    Erling Braut Haaland held fram der han avslutta for Borussia Dortmund sist sesong.

    Jærbuen kunne notere seg to mål, då Dortmund vann 3–0 over Borussia Mönchengladbach i sesongpremieren i tysk Bundesliga.

    Første Haaland-mål kom på eit iskaldt straffespark etter 54 minutt, etter at Giovanni Reyna først hadde gitt heimelaget 1–0.

    Haaland la på til 3–0 etter fantastisk kontringsfotball. Han sprang nærast heile bana i rekordfart og får servert ballen på sølvfat frå Jadon Sancho. Den ballen dunkar han kontrollert i mål.

    Sancho såg også ut til å ville ta straffesparket, men det var til slutt Haaland som fekk æra.

    – Ja, det stemmer. Han laga mål i sist kamp. Eg hadde ein god følelse i dag og det var veldig fint å score. Sommer prøvde å kome seg inn i hovudet mitt, men han hadde ikkje sjanse. Det var eit vakkert minutt, seier nordmannen til Viasat etter kampen.

    I sesonopninga var også publikum tilbake på Signal Iduna Park.

    – Det var fantastisk. Eg har sakna dette, og det gav oss ekstra energi. Vi vann dette saman, sa ein smilande Haaland.

    Bundesliga - Borussia Dortmund v Borussia Moenchengladbach
    Foto: Leon Kuegeler / Reuters
  • Kjartansson sentral i ny VIF-siger

    Vålerenga slo Molde 2-1 i laurdagens første kamp i eliteserien. Tremålsscoraren frå kampen mot Brann sist helg gav VIF leiinga midt i første omgang.

    Like etter pause sette han eit straffespark over mål, samstundes som Moldes John Kitolano blei utvist.

    Aron Dønnum la på til 2-0 sju minutt før slutt, før Henry Wingo reduserte langt på overtid.

    Vidar Ørn Kjartansson
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Bale tilbake i Tottenham

    Gareth Bale (31) er tilbake i sin gamle klubb Tottenham. Han blir lånt ut ftå Real Madrid ut denne sesongen.

    Bale blei seld til Real for 100 millionar euro i 2013, ein rekordsum på den tid.Han har vunne fire meisterliga-titlar med klubben.

    Tottenham har også kjøpt stopparen Sergio Reguillon (23) frå Real Madrid.

    Gareth Bale
    Foto: David Mirzoeff / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal