Året er 1953, datoen 19. august.
I Norge er Haakon 7. framleis konge, Oscar Torp er statsminister, og prins Harald er nettopp konfirmert.
Norge og resten av Europa er i oppbyggingsfasen etter krigen. TV finst enno ikkje i kongeriket, og bil får du ikkje kjøpe om du ikkje kan dokumentere behov for det.
INNSTS: Gunnar Thoresen var ein av dei store norske splearane i ettekrigsåra
Foto: Storløkken, Aage / NTB scanpixSlik såg samfunnet ut då Norge og (Vest-)Tyskland sist møttest i ein obligatorisk kamp. Det er 63 år sidan.
«Så nær sensasjon som vel mulig»
Framfor 32.000 tilskodarar enda det 1-1 mot laget som snaue 11 månader seinare skulle bli verdsmeister. Harald Hennum scora Norges mål fem minutt før pause.
– Dette er opplagt den artigaste landskampen eg har spela, sa Hennum, som totalt spela 43 landskampar.
Men i omgangens sluttsekund utlikna Fritz Walther etter ein forsvarsglipp. Han var ein av dei største tyske fotballstjernene på 50-talet.
Ifølgje Aftenpostens referat frå kampen dominerte Norge første timen. «Vi var så nær en sensasjon på Ullevaal i går som vel mulig», skreiv signaturen sf. i Aftenposten.
Avgjerande skade
Men så vart Gunnar Dybwad skadd. Innbytarar var ikkje lov på den tida, og med 10 mann hadde Norge nok med å forsvare seg i resten av kampen.
Likevel storma publikum bana for å bere spelarane på gullstol straks kampen var slutt, ifølgje Aftepostens referat.
– Eg skal vere ærleg: Vi hadde rekna med å vinne ein lett siger. Men våre spelarar kom rett frå ferie og var ikkje samla før kampen. Det var nok uklokt, sa den tyske UK-sjefen Hans Körfer til VG. Han var misnøgd med poengtapet på Ullevaal.
Körfer var på linje med heile det norske pressekorpset då han slo fast at midtstoppar og kaptein Thorbjørn Svenssen var Norges beste.
To av spelarane frå kampen lever enno: Gunnar Thoresen og Asbjørn Hansen. Begge har nådd den respektable alder av 96 år.
Fekk endeleg reise på kvalfangst
Returkampen i Hamburg 22. november – ein månad etter at den norske sesongen var slutt – enda med stygge 1-5 for Norge.
ETTERSEND TIL AFRIKA: Kvalfangstskuta måtte gå medan Thorbjørn Svendsen var igjen for å spele mot Tyskland. Så fekk han reise til Afrika for å nå igjen båten
Foto: SCANPIX / SCANPIXFor Norges kaptein Thorbjørn Svenssen skapte den seine november-kampen eit spesielt problem.
Svenssen var kvalfangar av yrke og skulle vore med då kvalfangstflåten reiste sørover mot feltet i Sør-Atlanteren.
Fangstsesongen tok ubønhøyrleg til, og båtane måtte reise. Dei hadde ikkje tid til å vente på Sandefjord-spelaren.
Fotballforbundet meinte kapteinen var uunnverleg. Derfor blei han igjen og spela kampen, før han for NFFs rekning vart send med fly til Dakar i Senegal der båten og kollegaene venta, skreiv VG.
Sidan har det gått 30 EM- og VM-kvalifiseringar utan at Norge og (Vest-)Tyskland har møtt kvarandre.
- NB: I kvalifiseringa til EM 1988 møtte Norge dåverande DDR (Aust-Tyskland) med 0-0 og 1-3 som resultat. Men elles er det berre i privatkampar Norge har hatt tysk motstand i alle desse åra.