Kappgangskomiteen i IAAF avviste forslaget på møtet sitt i London, melder insidethegames.biz.
Til møtet låg det ei forslag om å kutte ut 50 km frå VM i 2019 og OL i 2020. Årsaka var dels eit ønskje om at det skal vere same øvingane for menn og kvinner i eit meisterskap, dels at tv-oppslutnaden om 50 km kappgang er dalande.
I staden skulle kappgangsprogrammet i meisterskap bestå av 21,1 km (tilsvarande halvmaraton) for både menn og kvinner, og ein lagkonkurranse over 4 x 5km.
63 topputøvarar frå 35 nasjonar sende eit opprop til IAAF-president Sebastian Coe der dei bad om at forslaget måtte bli avvist.
Mellom dei som har skrive under på oppropet, er Håvard Haukenes. Han har verdas beste tid i år.
– Det er ikkje bra dersom 50 km blir teke bort frå meisterskap før 2020-OL. Dei fleste kappgjengarane jobbar fram mot det som eit mål, sa landslagstrenar Stephan Plätzer til NRK for eit par dagar sidan.
Truleg står IOC bak forslaget om å ta vekk den lengste kappgangsdistansen. No er det klart at 50-kilometeren blir på programmet i Tokyo-OL om tre år. Men det er usikkert om distansen blir med i seinare OL.
Frå denne sesongen har også IAAF gjort 50 km kappgang til ei open øving, der menn og kvinner startar i same løp. Det betyr at kvinner får lov å starte på distansen i VM i London i august i år.
Det er også innført offisielle rekordar for kvinner.