50 år sidan medaljeseremonien som rysta verda

Neppe nokosinne har ei premieutdeling opprørt verda som den etter 200-meteren i OL i Mexico by i 1968.

Tommie Smith og John Carlos

BLACK POWER: Tommie Smith (i midten) og John Carlos løftar kvar sin arm med svart hanske til den mest omtala medaljeutdelinga i OL-historie

Foto: Anonymous / AP

Det er 16. oktober i den meksikanske hovudstaden. På 2200 meters høgde er det gode forhold for verdsrekordar på friidrettsbana.

Opp på pallen går USAs Tommie Smith for å hente gullmedaljen han får for verdsrekorden på 200 meter – 19,83 og først i verda under 20 sekund. Han er flankert av sølvvinnar Peter Norman frå Australia og sin landsmann John Carlos på bronseplass.

Dei to amerikanarane er mørkhuda. Dei har gått ut på bana og mot pallen iført svarte sokkar og utan sko. Publikum på tribunane og framfor tv-apparata anar at noko er i gjere.

Når den amerikanske nasjonalsongen tek til, bøyer dei hovuda, let att augo og løfter kvar sin knyttneve med svarte hanskar på.

Hanskane er symbol på «Black Panther Party» – ein organisasjon som har meir enn 5000 medlemmar. Avisa deira, «The Black Panther», har eit opplag på 250.000 eksemplar.

Dei vil setje søkelyset på tilhøva og kampen for dei farga i USA. Og dei får oppslag verda over.

Australske Peter Norman løfter ikkje handa. Men han har på seg det same emblemet som amerikanarane – han støttar deira kamp fullt ut. Det skal kome til å koste han dyrt.

Sjå søndagens «Vedlegg» i Sportsrevyen.

Sparka ut av OL

Publikum er stille ei stund – dei er nok sjokkerte over det dei ser. Men etter kvart tek buinga over i aukande styrke fram til dei tre forlèt podiet.

Bråket let sjølvsagt ikkje vente på seg. IOCs mektige president Avery Brundage er rasande. Han krev dei to sparka ut av OL med det same.

– Dei viser ei opprørande haldning til grunnleggande olympiske prinsipp, freste Brundage på ein pressekonferanse dagen etter 200-meteren.

USAs OL-delegasjon protesterer. Dei fleste, også blant dei ikkje-farga utøvarane, sympatiserer med Smith og Carlos.

Men når Brundage truar med å sende heile USAs tropp heim, vel amerikanarane å bøye seg. Carlos og Smith må reise.

Det amerikanske laget raste mot IOC-presidenten, og utanfor sitt kvarter i Olympialandsbyen hengde dei opp eit banner med teksten «ned med Brundage».

Også dei britiske OL-deltakarane støtta Smith og Carlos: «Congratulations with a bloody good show», sa dei på sin typisk britiske måte.

Carlos fortalde etterpå at dette var planlagt. Begge var medlemmer i organisasjonen Olympic Project for Human Rights (OPHR) som var stifta eit år tidlegare, og som sterkt vurderte å be dei farga amerikanarane om å boikotte OL.

Gløymde hanskane

Rett før medaljeutdelinga avtalte Smith og Carlos detaljane i protestmarkeringa: Møt fram med jakkemerke og svarte sokkar og hanskar.

Men Carlos gløymer å ta med hanskane sine.

– Ta ein kvar, seier australske Peter Norman, som sjølv stiller med jakkemerke med OPHRs logo i sympati og støtte.

– Eg kom ikkje til Mexico by først og fremst for å ta medalje. Eg kom for å gi ein beskjed, sa Carlos under eit besøk i byen for berre nokre få år sidan.

Tommie Smith forklarte bakgrunnen med setningane som har blitt historiske:

– Om eg vinn, er eg ein amerikanarar, ikkje ein svart amerikanar. Men når eg gjer noko gale, seier dei at eg er «neger».

– Eg løfta min høgre arm for å representere dei svarte i Amerika. John løfta sin for å representere svart samhald. Saman forma vi ein boge av samhald og styrke, sa Smith.

OL-reaksjon - avisutklipp

MENNESKERETTAR: Det var kampen for dei farga i USA som var bakgrunnen for protestane

Foto: Dagbladet

Fordømt av Time Magazine

Heime i USA møter dei mest motstand og fordømming, men også sympati. 1968 er året med dei store raseopptøya i USA, og mange amerikanarar støttar kampen.

Men ikkje Time Magazine. I si første utgåve slo dei fast på førstesida: «Raskare, høgare, sterkare» – det er det olympiske motto. «Sintare, eklare, styggare» skildrar betre det som skjedde i Mexico.

Familiane deira blei møtt med drapstruslar, og dei sleit med å få seg arbeid. For australske Norman gjekk det verre. Sympatierklæringa skulle koste han karrieren.

Den kvite Peter Normans uttalte sympati med amerikanarane møter ingen forståing «down under». Han blir frosen ut. Trass i at han greier kvalifiseringskravet mange gonger, blir han ikkje teken ut til OL fire år seinare.

Han går nærmast i hundane, skadd og alkoholisert. Han får etter kvart orden på livet sitt igjen, og døyr i 2006, 64 år gammal.

John Carlos og Tommie Smith reiser eins ærend til Melbourne for å vere med på å bere båra til sølvvinnaren og kameraten.

Tida hans, 20,06 står framleis som australsk rekord.

– Trena ved å springe frå politiet

Carlos hadde i oppveksten verkeleg fått kjenne på kroppen haldningane til dei farga i USA. Han vaks opp i Harlem i USA og skal fleire gonger ha blitt banka opp av politiet.

– Løpstreninga fekk eg av alle gongane eg måtte springe frå politiet, sa gullvinnaren seinare.

To dagar etter 200-meteren, sette Lee Evans – også han mørkhuda og ein av dei sentrale personane bak OPHR – verdsrekord på 400 meter. På sigerspallen møtte han med svart beret på hovudet – eit symbol på støtte til kampen for dei farga. Men han tok bereten av under nasjonalsongen, og unngjekk dermed den tunge kritikken.

Dediserte gullmedaljane til Smith og Carlos

Sprintaren Wyomia Tyus, som tok gull både på 100 meter og 4 x 100 meter stafett, sa at stemninga i heile olympialandsbyen var elektrisk som følgje av den generelle politiske klimaet på den tid.

wyomia tyus

DEDISERTE GULL: Wyomia Tyus dediserte begge sine gullmedaljar til Smith og Carlos

Foto: Ap

– Det var så mykje uro at vi var nøydde til å ta det inn over oss. Det einaste vi kunne gjere, var å stå opp og gjere noko. Med OPHR hadde vi ei plattform der vi kunne gjere nettopp det på ein måte folk ville legge merke til, sa Tyus.

Ho dediserte begge gullmedaljane sine til Smith og Carlos.

Opprørets år

At dette skjedde i Mexico-OL i 1968, var ikkje tilfeldig. 1968 er det mest myteomspunne årstalet i det førre hundreåret, og gav namnet til ein heil generasjon.

Over heile verda var det studentdemonstrasjonar mot det etablerte etterkrigssamfunnet, og i USA toppa 60-talets raseopprør seg. I april blei pastor Martin Luther King skoten og drepen, i juni presidentkandidat Robert F. Kennedy. Begge var sterke forkjemparar for rettane til dei farga.

Dei farga idrettsutøvarane i USA kjende det spesielt på kroppen. Det var kort veg frå nasjonal heltestatus til nærmast å vere andreklasses borgarar.

– Det er svært demoraliserande å vere i eit lag med kvite utøvarar. På bana er du Tommie Smith, den raskaste mannen i verda. Straks du er tilbake i garderoben, er du ingenting annan enn «ein skiten neger», sa Tommie Smith.

Lenge var det aktuelt både for Smith, Carlos og alle andre farga utøvarar å boikotte Mexico. OPHRs leiar Harry Edwards tok sterkt til orde for dette. – I OL kjem de berre til å bli brukt som «presterande dyr», sa han.

Men han fekk ikkje nok støtte til boikott. Derfor tok Smith og Carlos initiativet til sin eigen demonstrasjon.

Resten er historie, som det heiter.

Blodig opprør like før OL

Mexico-protest 1968

HARDHENDT: Slik såg det ut i Mexico by under protestane

Foto: F. CASTILLO / AFP

Studentdemonstrasjonane råka også Mexico. 2. oktober – ti dagar før opninga av OL – var det stor demonstrasjon i byen. 8-10.000 møtte fram.

– Vi treng ikkje OL, vi vil ha revolusjon, song demonstrantane, i protest mot dei enorme sosiale og økonomiske skilnadene i landet.

I Berlin og Paris tidlegare på året hadde demonstrasjonane utvikla seg til til dels valdelege opprør.

IOC ville ikkje ha noko av dette, og gav Mexico beskjed: Rydd opp, elles blir det ikkje OL.

Vurderte å flytte OL til Los Angeles

Faksimile VG 7. oktober 1968

KRISE: Situasjonen i Mexico var ei stund så prekære at det eksisterte palner for å flytte alle konkurransane til Los Angeles, 2400 km unna

Søndag 6. oktober lekka det ut opplysningar om at IOC vurderte å flytte OL til Los Angeles dersom ikkje Mexico greidde å slå ned på uroa. Amerikanarane skulle ha tilbode ei luftbru dei 2400 kilometrane mellom dei to byane, og skulle vere klare til å opne OL berre ei veke seinare enn planlagt.

IOC ville ikkje stadfeste desse planane. Dei berre stod fast på kravet om at det skulle vere roleg i byen før OL opna. Ei melding frå telegrambyrået Reutes siterte frå informert hald i IOC at dei ville krevje garantiar frå Mexicos regjering om ro og orden i hovudstaden under OL.

Mexicos eineveldige president Gustavo Diaz Ordaz let seg ikkje be to gonger. Han kalla inn hæren og let soldatane opne eld. Mellom 300 og 500 menneske blei drepne.

Men IOC fekk det som dei ville. Uroa blei slått ned, og OL blei opna etter planen den 12. oktober.

Norsk leiar: – Bra om OL blir flytta

BT om OL i Mexico 1968

BUSINESS AS USUAL: IOC ville at OL skulle gå som planlagt, men kravde at Mexico garanterte ro og orden etter dei blodige studentdemonstrasjonane (faksimile frå Bergens Tidende)

Den norske troppen var heller ikkje upåverka av det som skjedde før og under OL. Ei veke før opninga sa Norges delegasjonsleiar Johan Chr. Schønheyder til VG at han helst såg at leikane blei flytta frå Mexico.

– Ja, eg trur det er best. Vi har opplevd så mykje trist her at dei fleste av oss har mista lysta på olympiske leikar her, sa Schønheyder.

Dei nordiske deltakarane fekk ikkje vere i utsette deler av byen. Og dei hadde totalt portforbod etter klokka 17.

Schønheyder la ikkje skjul på at det var laber stemning i den norske leiren. Og han var ikkje heilt sikker på tryggleiken midt i studentopprøret heller.

– Over halvparten av funksjonærane i olympialandsbyen er studentar. Sjølv om dei ikkje sympatiserer med opprørarane, veit ein ikkje kva dei kan finne på dersom saka blir sett på spissen.

Både John Carlos’ og Tommie Smiths ettermæle i USA blei gradvis betre ettersom haldninga til rettane for dei farga endra seg. Smith fekk etter kvart ei karriere i amerikansk fotball, før han blei professor i fysisk fostring ved eit universitet i Ohio. Carlos spela også amerikansk fotball, og jobba i tillegg for OL i Los Angeles i 1984. Han har sidan vore trenar i ulike samanhengar.

Tilfellet Kaepernick

GQ Magazine

ÅRETS NAMN: Magasinet GQ kåra Colin Kaepernick til årets borgar etter hans kneling under nasjonalsongen i NFL

Foto: Faksimile

Haldningane til mørkhuda er framleis eit tema amerikansk idrett. Særskilt etter at Colin Kaepernick gjekk ned på kne under nasjonalsongen før ein NFL-kamp i amerikansk fotball for to år sidan.

Det skapte mildt sagt bråk, med fordømming heilt frå presidenthald. Og ein reaksjon i form av ei rad med spelarar som knela under nasjonalsongane på NFL-kampar veka etter.

– Eg vil ikkje stå for eit land som undertrykkjer svarte menneske, var Kaepernicks forklaring.

Men i motsetnad til Smith og Carlos i 1968 blei Kaepernick hylla på magasinforsida. Magasinet GQ kåra han til «Citizen of the year».

Kaepernick fekk ikkje kontrakt med nokon NFL-klubb etterpå. Sjølv meinte han at det skuldast at ligaen svartelista han.

Men ei gruppe idrettsutøvarar samla seg for å støtte quarterbackens krav om ny kontrakt.

Ein av dei er John Carlos. Han veit kva det dreier seg om.

Siste nytt

  • Tyskland cruisa til gruppesiger

    Tyskland var knusande overlegne og slo Sør-Afrika 4-0 i siste gruppespelkamp. Melanie Leupolz, Sara Däbritz, Alexandra Popp og Lina Magull scora. Tyskland vann dermed gruppe B. Sør-Afrika er sist og er slått ut.

    I den andre kampen blei det 0-0 i ein innhaldsfattig kamp mellom Spania og Kina. Spania tek andreplassen framfor Kina, men begge går vidare.

    Tyskland - Sør-Afrika
    Foto: Pascal Guyot / AFP
  • Warholm dropper stevne

    Karsten Warholm deltar ikke i torsdagens Ostrava Golden Spikes, bekrefter trener Leif Olav Alnes overfor NRK. Han skulle ha løpt 400 meter flatt. Warholm er ikke skadet, men har innsett at det ikke var mulig å bli fullt restituert etter at han torsdag satte europarekord på 400 meter hekk på Bislett. Warholm gå nå inn i en treningsperiode, og det er ikke klart når han konkurrerer neste gang.

    Karsten Warholm
    Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
  • Horneland bekrefter Bendtner-exit

    Nicklas Bendtner har spilt sin siste kamp i Rosenborg-trøya. Det bekrefter trener Eirik Horneland overfor Eurosport, melder NTB.

    bendtner spytter
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal