NRK Meny
Normal

4,5 nye millionar kroner for Lindegaard

I Sir Alex Ferguson sin siste kamp som Manchester United-manager, stod Anders Lindegaard mellom stengene. Det betyr 4,5 millionar kroner til – i hovudsak – Aalesund.

Anders Lindegaard

Anders Lindegaard spelar sin kamp nummer 25 for Manchester United i siste serierunde mot West Bromwich. Det betyr pengar i kassa for Aalesund.

Foto: Scott Heppell / Ap

Alex Ferguson

Sir Alex Ferguson vinkar til publikum før avspark i siste seriekamp som Manchester United-manager. Etter 26 år som manager annonserte han 8. mai at han gav seg.

Foto: Jon Super / Ap

Grunnen er at dansken spelte sin kamp nummer 25 for den engelske fotballstormakta.

Manchester United møtte West Bromwich i siste serierunde, og kampen er Sir Alex Ferguson sin siste som manager i klubben.

Lindegaard gjekk frå Aalesund til Manchester United 27. november 2010. Overgangssummen skal ha vore 3,5 millionar pund.

5-5-kampen mot West Bromwich var Lindegaard sin 10. for året. Det genererer 4,5 millionar nye kroner til AaFK, der delar tilfell Odense.

– Ring meg etter klokka 17.00, sa administrerande direktør i Aalesund, Henrik Hoff, ei god stund før kampen.

– Eit mål sidan vi selde han

Og like over klokka 17.00 entra Lindegaard banen og siste PL-runde i årets sesong var i gang.

– Først og fremst er vi veldig glade på Anders sine vegner, byrjar Hoff.

– At han har passert talet på kampar som var viktig for AaFK som klubb ... Ja, det har sjølvsagt vore eit mål for oss sidan vi selde han.

Henrik Hoff

Henrik Hoff fortel at han har bite litt neglar dei siste vekene. Anders Lindegaard var nemleg berre nokre få kampar frå å utløyse millionbonusen.

Foto: Terje Reite / NRK

Av dei 4,5 millionane som no blir utløyst tilfelle delar av summen Odense i Danmark, klubben AaFK henta Lindegaard frå.

– Alt tilfell ikkje AaFK, slår Henrik Hoff fast i prat med NRK.

Spekulasjonane rundt Lindegaard har vore mange den siste tida har vore mange, men til slutt fekk dansken dei 25 kampane.

– Ja, det har blitt litt naglebiting. Det har vore spennande, men litt tilfeldig òg. Anders var i ein god posisjon før han blei skadd, noko som gjorde at De Gea kom inn og spelte bra. Men eg trur ikkje Anders har gjeve opp keeperplassen i Manchester United.

Håper på fleire millionar

Lindegaard har spelt éin kamp i den engelske ligacupen i tillegg til dei 25, men desse gjeld ikkje i kontrakten mellom AaFK og Manchester United.

25 kampar, og 4,5 millionar, var derimot berre éin «trigger».

– Vi håper Anders får endå fleire kampar, slik at fleire av desse «triggerane» slår inn seinare.

– Kva er neste utløysande faktor i kontrakten?

– Det er fleire av dei etter kvart som Anders spelar. Eg får ikkje stadfeste noko utad, i samhøve med kontrakten, men der ligg fleire «triggerar» på prestasjonar, røper Hoff.

Saka held fram under bildet.

Anders Lindegaard jubler

Anders Lindegaard var ein sportsleg suksess og ein publikumsyndling i Aalesund. Her jublar han for cupgull med klubben i 2009.

Foto: Sven Ove Ekornesvaag / Scanpix

Talent og seriøst arbeid

Lindegaard gjekk til Aalesund frå Odense i 2009. Først utlånt, før han seinare gjekk til AaFK permanent.

I 2009 var han sterkt medverkande til at Aalesund slo Molde i cupfinalen. I 2010 blei han kåra til årets keeper i både Noreg og Danmark. Same haust blei han Manchester United-klar.

Seinast i førre veke sendte han takkemeldingar til AaFK i prat med Sunnmørsposten.

– Hadde det ikkje vore for at eg treivst så godt som menneske, både på og utanfor banen i Ålesund, veit eg godt at eg aldri ville blitt ein del av Manchester United. Eg sender ein stor takk til AaFK, sa keeperen.

– Ein må aldri gløyme at det er Anders sitt talent og seriøse arbeid som i all hovudsak gjer at han er der han er. Mange har sjølvsagt vore til hjelp, mellom anna ein fantastisk keepertrenar i AaFK, seier Henrik Hoff til NRK.

John Arne Riise

Mannen med flest norske landskampar for Noreg har generert mange millionar for AaFK opp gjennom.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Byggjer vidare på Riise-millionar

Av kjøpesummen, som skal ha vore 3,5 millionar pund, gjekk mesteparten til Aalesund og Aalesund-systemet.

Det einaste spelarsalet som har generert like mykje pengar – over tid – er John Arne Riise. Til saman skal AaFK ha fått om lag 25 millionar kroner for Riise.

– Vi har også selt Jonathan Parr til Crystal Palace og Joakim Austnes vil Viking for ein del år sidan. Så her har vore nokre sal som har betydd mykje for oss, seier Hoff.

Sala av Lindegaard og Riise er derimot vanskelege å samanlikne.

– Då vi selte John Arne hadde vi eit heilt anna driftsbudsjett enn då vi selte Lindegaard. Og klubben var langt mindre då. Pengane vi har fått frå sal av John Arne har hatt utruleg mykje å seie i oppbygginga av klubben, medan salet av Anders har bidrege til at vi har kunna satse vidare på det vi har bygd opp.

No går bonuspengane for Lindegaard inn i 2013-budsjettet, opplyser Hoff.

Siste nytt

  • City vann trass to Napoli-straffer

    Manchester City slo Napoli 2-1 i meisterligaen. Raheem Sterling og Gabriel Jesus gav City 2-0 tidleg.

    Så stoppa det opp for engelskmennene. Napoli bomma først på straffe, men Amadou Diawara scora då Napoli fekk ny straffe.

    City har dermed vunne alle sine tre kampar i gruppespelet.

  • Start med langt steg mot opprykk

    Start slo Ranheim 4-2 og har stø kurs mot opprykk til eliteserien.

    Andreas Rye og Mads Reginiussen gav Ranheim 2-0. Men to av Niels Vorthoren gav 2-2 ved pause, og to av Steffen Lie Skålevik sikra Start-siger.

    Start - Ranheim
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal