Måper av 336 strafferundar på ein dag: – Eit helvete

Til saman gjekk skiskyttarane over fem mil i strafferunden i Oberhof søndag.

v-gDhV_n0to

Gårsdagens sprint var vanskeleg nok med isete løyper, mens det på dagens fellesstart var sterk vind i tillegg. Oberhof har nok ei gong arrangert verdscup med dårlege vêrtilhøve.

Foto: TOBIAS SCHWARZ

Dei siste dagane har den isete og grusete snøen vore den største utfordringa for skiskyttarane i Oberhof. Søndag var det vinden som vart avgjerande. 60 av dei aller beste skiskyttarane i verda stilte til start. I gjennomsnitt fekk dei meir enn fem bom kvar.

– Det synest ikkje på TV, men det er eit helvete å gå her, for det er så motvind og vind at det er skikkeleg utfordrande, seier Tiril Eckhoff.

60 løparar - 336 bom

Eckhoff gjekk fire av kvinnenes 190 strafferundar etter svært tøffe forhold på tredje skyting, men nærmar seg likevel Dorothea Wierer i samandraget. Eckhoff er bare ni poeng bak.

– Det motiverer til å trene ekstra og vere offensiv, seier Eckhoff om sjansen til å bære den gule trøya for første gang i karrieren

29-åringen var ikkje åleine om å bomme i dag.

Russiske Svetlana Mironova stakk seg ut med ti bom og lagvenninna Larisa Kuklina med 11 bom. Av dei 60 som stilte til start fekk til saman 336 strafferundar, noko som vert fem mil ekstra å gå for løparane som også måtte slite med motvind.

– Det fortel kanskje kor ille det var her i dag, seier Erlend Bjøntegaard, som enda med fem bom.

Skuffa Bø

Tarjei Bø fekk også ein røff dag med sju bom. Sjansen for å ta over den gule trøya etter Johannes Thingnes Bø glapp dermed for stryningen.

– Men Fourcade (som skaut to bom) leverer jo. Det er eg som ikkje gjør det, seier Bø.

Men han er ikkje med på at Fourcade har festa eit stort grep om leiinga.

– Det blir ein tøff kamp vidare. Me kan heldigvis stryke to løp, og eg satsar på at dei to i helga er dei som vert strokne når sesongen er slutt, også må eg berre få trent litt dei neste dagane og finne forma, seier Tarjei Bø.

Han låg best an til å ta over leiartrøya frå veslebror Johannes Thingnes Bø denne helga.

– Det snur fort. Plutseleg er det han som har ei dårleg helg, slik han hadde før jul. Me må alle tole å få den i trynet, også må me reise oss og slå tilbake, seier Bø.

Også Fourcade trur han har trøya på lånt tid.

– Johannes er den store favoritten sjølv om han ikkje er med her, seier Fourcade om Thingnes Bø som er heime og ventar på å bli far.

– Trur Wierer er bitter

I dameklassen er det jamt mellom Tiril Eckhoff og Dorothea Wierer. Italienaren har levert jamne resultat, og det kan difor vere ein fordel for Eckhoff at to renn skal strykast på slutten av sesongen. Marte Olsbu Røiseland har trua på lagvenninna.

– Tiril er i god flyt, og alt kan skje. Tipper Dorothea er litt bitter no. Så det er berre til å utnytte det, seier Røiseland om fjorårets verdscupvinnar frå Italia som har møtt sterk motstand frå dei norske jentene.

Verdscupen held fram frå tyske Ruhpolding neste, og startar med sprint for kvinner på onsdag. I Ruhpolding er det meldt null nedbør, ingen vind og strålande sol.

Siste nytt

  • Kristoffersen på skuddhold

    Henrik Kristoffersen fikk ikke full klaff i den første omgangen av slalåmrennet i østerrikske Kitzbühel. Nordmannen kjørte ned til nest beste tid med startnummer fem, 0,42 sekunder bak sveitsiske Daniel Yule som leder rennet, men han har blitt skjøvet ned til en sjetteplass. Sebastian Foss-Solevåg ligger på en foreløpig 13.-plass, 0,57 sekunder bak Yule. Rennet pågår fortsatt, og den andre omgangen starter 13.30.

    42o0gKaQOiE
    Foto: LISI NIESNER
  • Norsk storeslem i Marcialonga

    Tore Bjørseth Berdal vant Marcialonga foran fire andre nordmenn:

    Tord Asle Gjerdalen, Petter Eliassen, Andreas Nygaard og Morten Eide Pedersen fulgte på plassene bak.

    Spurten om seieren sto mellom Berdal, Gjerdalen og Eliassen.

    I tillegg ble det dobbelt norsk i kvinneklassen med Kari Vikhagen Gjeitnes foran Astrid Øyre Slind.

    Begge vinnerne går for Team Koteng.

  • Shiffrin vant i Bansko

    Kajsa Vickhoff Lie kjørte inn til 15.-plass på søndagens super-G-renn i Bansko. Amerikanske Mikaela Shiffrin tok sin 66. verdenscupseier. Kajsa Vickhoff Lie var førstemann ut startbua i sesongens tredje super-G-renn. I Bansko ble den norske 21-åringen klokket inn på 1.12,95 minutter, noe som holdt til en 15.-plass i Bulgaria. Ingen kunne gjøre noe med Mikaela Shiffrin, som tok karrierens 66. verdenscupseier. Amerikaneren vant på tiden 1.10,88.

    Dd4h_FhAH2w
    Foto: Giovanni Auletta / Giovanni Auletta

Sendeplan

Kl. Program Kanal