Hopp til innhold

Lange fengselsstraffer for kampfiksing

Dei tre fotballspelarane som er kjende skuldige i kampfiksing, er dømde til fengselsstraffer i opptil to og eit halvt år.

Advokater i Borgarting lagmannsrett

DOM: Borgarting lagmannsrett dømde i dag tre av dei tiltalte til fengselsstraffer for kampfiksing

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Borgarting lagmannsrett offentleggjorde dommen i dag, snaue to veker etter at juryen kjende dei tre skuldige.

Alle tre – ein nordmenn og to svenskar – er dømde for grov korrupsjon og grovt bedrageri. Mannen som gav dei andre tilbodet, er dømd til fengsel i to og eit halvt år for aktiv korrupsjon. Han får også inndreatt 340.000 kroner som retten meiner er hans utbytte av saka.

Dei to andre er dømde til fengsel i eitt år og to månader, og inndraging av 100.000 kroner kvar. Dei blir dømde for såkalla passiv korrupsjon.

Retten meiner det er bevist at hovudmannen har tilbode fleire spelarar pengar for å delta i kampfiksing, og at dei to andre dømde akspterte tilbodet. Spelarane spela for Asker og Follo på den tid.

Hovudmannen blei i 2013 også dømd i Sverige. Der skal han ha påverka spelarar til å prøve å få klubben til å leie ved pause, men tape til slutt.

Video: Dette er kampfiksingssaka:

P3nyheter har laget denne forklaringen på kampfiksingsaken. Se videoen her.

Alle tingrettsdommane blei anka

Saka tok til 24. juni 2012. Sju spelarar som var involverte i to 2. divisjonskampar med uventa resultat, blei etterforska.

I den eine kampen leia Follo 3-0 over Østsiden 20 minutt før slutt, men tapte 3-4. I den andre aktuelle kampen, mellom Asker og Frigg, stod det 0-0 ved pause, men Asker tapte 1-7. Follo og Asker var oddsfavorittar hos Norsk Tipping i desse kampane.

Etterforskinga enda med tiltale. Dei sju skal ifølgje tiltalen ha fått 200.000 kroner for «jobben».

To veker seinare blei ein av klubbane og Norges Fotballforbund tipsa anonymt om det som hadde skjedd, og saka blei meld til politiet.

Politiet etterforska saka breitt, går det fram av dommen. Både lydopptak og sms'ar – som var sletta og henta fram igjen – og bilete frå overvakingskamera blei brukt av politiet.

Overvakingskamera avslørte mellom anna nattlege utveksling av konvoluttar med 250.000 kroner i, ifølgje politiet.

«De straffbare handlingene fremstår ikke for noen av de tre som uttrykk for en plutselig innskytelse, men derimot som en planmessig handling om var godt forberedt», skriv lagmannsretten i dommen.

Tre fotballspelarar og ein «gamblar» vart dømde i tingretten i april 2015. Tre tiltalte vart frikjende. Men alle avgjerdene vart anka.

Det betyr at ein av dei som vart dømde i tingretten, er frikjend i lagmannsretten.

Juryen i lagmannsretten frikjende fire av dei sju den 2. februar i år.

Strafferamme på seks år

Retten har kjent dei tre skuldige i å tilby og motta pengar for å påverke at laga deira skulle tape kampar «mot oddsen».

– Dei to spelarane gjorde eit alvorleg tillitsbrot mot klubbane sine, og den tredje utnytta dette tillitsbrotet. Alle tre må ha gjort dette av profittomsyn, meiner retten.

Ankesaka i langammsretten tok til i januar i fjor, men måtte avbrytast og kom ikkje opp på nytt før i januar i år.

Strafferama for grov korrupsjon er seks år. Men lagmannsretten har redusert straffene på grunn av lang sakshandsamingstid, går det fram av den samrøystes dommen.

Siste nytt

  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Zuccarello vil spille ishockey-VM for Norge

    Mats Zuccarello åpner for å spille årets ishockey-VM for Norge «om han blir tatt ut på laget».

    Minnesota Wild er ikke med i årets NHL-sluttspill. Derfor er kalenderen fri for landslagsoppdrag for nordmannen. Han har ikke spilt VM for Norge siden i Russland i 2016.

    – Det er lenge siden han har kunnet representere landslaget og har lyst til det nå, bekrefter Zuccarello-agent Kevin Skabo til nitten.no fredag ettermiddag.

    Zuccarello spilte og scoret da det ble tap for Seattle Kraken i sesongens siste kamp i grunnspillet for Minnesota Wild. De var aldri skikkelig med i kampen om en plass i sluttspillet.

    Under fredagens pressekonferanse kom han ifølge journalisten Michael Russo med følgende melding som Russo har lagt på X.

    – Han sa at han spiller for Norge i VM om han kommer med på laget, skriver Russo.

    (NTB)

    NHL: Minnesota Wild at Tampa Bay Lightning
    Foto: Kim Klement Neitzel / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal