Først 8–0 tap for Sør-Korea, så 5–1 i sekken mot Mexico, før stormakta Tyskland slo dei heile 10–0.
For dei fleste nasjonar hadde det vore ein kjempenedtur, men ikkje for laget for Stillehavet. Dei jubla som besett, etter at dei hadde tapt 5–1 mot Mexico.
Kvifor? Fordi scoringa var nasjonens første i eit internasjonalt meisterskap, i deira første OL.
– Det er alle spissars draum å scora i ei stor turnering, og denne gongen var det min tur, sa målscorar Roy Krishna til Fijitimes etter kampen.
Då dei scora jubla alle dei frammøtte på stadion for laget, tapte alle fotballkampane, men vann publikums hjarter.
Og det var ei rekkje tilfelle som førte Fiji til OL, så no må du følgje godt med.
Favoritten diska
I 1992 fekk lag frå Oseania for første gong vera med i OL-turneringa i fotball. Berre to nasjonar har kvalifisert seg sidan – Australia og New Zealand.
Men i 2006 melde det australske fotballforbundet overgang til Asia, for å få tøffare motstand og ein «enklare» veg til VM. I både 2008 og 2012 var det New Zealand som tok OL-plassen, og dei var store favorittar til leikane i Rio også.
Men så skjedde det som snudde alt på hovudet.
Rett før Fiji skulle spele finale i kvalifiseringa til OL mot New Zealand, kom meldinga om at sistnemnde hadde blitt diska for å ha brukt ein spelar som ikkje var speleberettiga. Då fekk Vanuatu plassen, og Fiji slo dei etter straffesparkkonkurranse.
For første gong hadde ein annan nasjon enn «dei to store» i Oseania tatt seg til OL.
– Vi må ha realistiske forhåpningar. Målet er å gjere vårt beste og ikkje dumme oss ut. Vi vil få verdifull erfaring som vi vil sjå resultata av om fire fem år. Det er eit ungt lag, sa Fiji-trenar Frank Farina til FIFA.com i forkant av meisterskapen.
Målrik kvalifisering
Og for deg som er glad i litt tal og statistikkar. Her kjem ei knippe om fotballnasjonen Fiji.
- Fiji ligg som nummer 187 på FIFA-rankinga.
- Dei har ein utanlandsproff, det er Roy Krishna som scora det einaste målet deira i OL.
- I kvalifiseringa til Rio, møtte dei Tahiti, Vanuatu og Mikronesia. Det enda med 1–1 mot Vanuatu, 0–0 mot Tahiti og heile 38–0 siger mot Mikronesia.