Sportsåret 2013: Rekordmange VM-gull - og Magnus Carlsen

Det norske sportsåret 2013 vart toppa av to ting: Rekordmange VM-medaljar på snø, og Magnus Carlsens VM-tittel i sjakk i utklassingsstil.

I februar og mars 2013 ble det holdt VM i alpint, skøyter, skiskyting og langrenn på rekke og rad. Det resulterte i 17 medaljer til sammen og et tapt veddemål mellom NRKs Anne Rimmen og Pål Gordon. Se kavalkaden her. Redigerer: Hilda Klaveness

Sjå dei 17 øvingane som gav Noreg rekordmange VM-gull i 2013

Aldri før har Noreg teke 17 VM-gull i OL-relaterte greiner i ein og same vintersesong. Men det skjedde i 2013.

Lund Svindal

Aksel Lund Svindal etter utforgullet i Schladming.

Foto: SAMUEL KUBANI / Afp

Den norske maktdemonstrasjonen på snø er noko av det som mest har prega idrettsåret 2013.

Noreg er ein vintersportsnasjon, og i året som snart har gått, understreka våre utøvarar dette som aldri før.

17 VM-gull vart det på snø og is førre vinter i øvingar som også står på OL-programmet. Det er mykje, sjølv etter norsk målestokk.

Og det lovar godt framfor OL i Sotsji denne vinteren.

I videovindauget over kan du sjå dei alle – og at Anne og Pål Gordon held styr på dei i NRKs vintersportsstudio.

Tre gullgrossistar tok dei fleste av medaljane. Langrennsdronninga Marit Bjørgen tok fire gull, skiskyttarane Emil Hegle Svendsen og Tora Berger tok tre gull kvar.

Aksel Lund Svindal tok "berre" ein gullmedalje. Men med utforsigeren vart han likevel den første mannlege alpinisten som har teke gull i fire VM på rad.

Alpint:

Aksel Lund Svindal – utfor:

Svindal køyrde perfekt i løypa som det visstnok var umogeleg å køyre perfekt i, og var heilt suveren i rennet i Schladming. Han tok sitt femte VM-gull i karrieren. – Aksel kan vinne like mykje som Lasse (Kjus) og eg gjorde til saman, sa det tidlegare alpinesset Kjetil André Aamodt.

Aksel kom også heim frå VM med bronse i super-G.

Langrenn:

Petter Northug – 15 km fri:

Endeleg tok Northug eit «skikkeleg» langrennsgull – i enkeltstart. Mannen som har ord på seg for å vere spesialist på å henge på konkurrentane i fellesstart, let tårene renne då han hadde vunne 15-kilometeren. Han leia heile vegen, og var heilt tom då han stupte over målstreken, 11,8 sekund føre Johan Olsson.

Noreg – langrennsstafett menn:

Igjen spurta Petter Northug ned ein spanske og vant. I den siste bakken knekte Northug Calle Hallfvarsson og slo svensken med 1,3 sekund. Då hadde Tord Asle Gjerdalen gått ein god førsteetappe, Eldar Rønning og Sjur Røthe heldt Noreg i teten på dei to neste, før Northug avslutta.

Marit Bjørgen – sprint:

Bjørgen

Marit Bjørgen med medaljefangsten i Val di Fiemme.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

På ski-VMs første dag innfridde Marit Bjørgen alle forventningar og tok sprintgull i utklassingsstil. – Det var meir ein lette enn ei glede, sa Bjørgen. Ho hadde rett før jul fått vite at ho hadde ei litt uryddig hjarterytme, og måtte stå over Tour de Ski. Før start var ho både nervøs og skeptisk.

Men i VM var det ingen tvil om kven som var dronninga.

Marit Bjørgen – 15 km med skibyte:

To dagar etterpå: Marit Bjørgen hadde full kontroll på konkurrentane. Mot slutten hadde ho rista av seg alle unnateke ein: Therese Johaug. I den siste bakken blei også ho borte. – Eg hadde lagt opp løpet kvelden før, og fekk det akkurat som eg ville, sa Bjørgen.

Therese Johaug – 10 km fri:

Så var det Therese Johaugs tur til å slå til. Med enkeltstart i fri teknikk fekk ho fullklaff på ein distanse som ikkje er hennar favoritt. Men det gjekk fort – ti sekund raskare enn Marit Bjørgen. – Eg kjende at "huggu" var på plass, og skiene var fantastiske, sa Johaug medan ho hoppa og spratt av glede i målområdet.

Noreg – langrennsstafett kvinner:

– Det gjekk for sakte, derfor køyrde eg litt ekstra, sa debutant Heidi Weng. Ho stakk frå dei andre midt i første etappe, og deretter var det norske gullet aldri trua. Therese Johaug, Kristin Størmer Steira og Marit Bjørgen har hatt langt verre oppgåver tidlegare enn å forvalte Wengs forsprang. I mål var kvartetten 26 sekund føre Sverige.

Marit Bjørgen – 30 km klassisk:

For fjerde gong tok Bjørgen imot gull i VM 2013. Ho låg i teten heile vegen, og kjempa intenst med erkerival Justyna Kowalczyk. Inn mot mål var Bjørgen igjen den sterkaste og slo den polske jenta med god og vel 3 sekund.

Hopp:

Anders Bardal – normalbakke:

Ikkje sidan Bjørn Wirkola i 1966 hadde ein nordmann teke VM-gull i normalbakken. I snødrevet landa han på nøyaktig 100 meter i finalehoppet, og det kunne sjølv ikkje Gregor Schlierenzauer gjere noko med.

Skiskyting:

Emil Hegle Svendsen – sprint:

Emil hadde som vanleg ein bom, men med kolossal fart i sporet tok han eit sikkert gull under VM i Nove Mesto.

Emil Hegle Svendsen – jaktstart:

Han gjekk først ut etter sprintgullet, men vart innhenta av Martin Fourcade. I spurten klarte han å strekke beinet akkurat langt nok fram og vann med to og ein halv centimeter.

Artikkelen fortsetter under bildet.

Svendsen Berger

Emil Hegle Svendsen og Tora Berger hadde god grunn til å smile etter VM.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Tarjei Bø – fellesstart:

Midtvinters var han utslått av twar-bakterien, og sesongoppkøyringa hadde gått i vasken. På skiskyttar-VMs siste dag slo Tarjei Bø til med gulløpet. – Bra timing, sa han etter sin aller første feilfrie 20-skot-serie. Han kryssa målstreken 3,7 sekund føre Anton Sjipulin.

Noreg – skiskytterstafett menn:

Igjen var dei norsk skiskyttarane utan konkurranse. Ole Einar Bjørndalen tok sin meisterskapsmedalje nummer 50, debutanten Henrik L'Abée-Lund skaut som om hadde all verda med rutine, Tarjei Bø leverte ein solid etappe, og Emil Hegle Svendsen var akkurat så suveren som på konkurransane tidlegare i VM. I mål var Frankrike slått med over minuttet.

Tora Berger – jaktstart:

Ho gjekk ikkje først ut, og ho bomma tre gonger på dei tre første skytingane. Men rå mental styrke på siste ståande skyting knekte alle konkurrentane, og Tora tok gull og sin 15. meisterskapsmedalje totalt. Dermed gjekk ho også forbi Liv Grete Skjelbreid Poirée.

Tora Berger – normaldistanse:

Lesja-ekspressen var uslåeleg igjen. I snøkave, dårleg sikt og vind som skremde vatnet av dei fleste, skaut Tora fire fulle hus og var nesten minuttet før sølvvinnaren. Utklassing kallar ein slikt.

Noreg – skiskytterstafett kvinner:

– Det er så artig å vinne med desse jentene, sa Tora Berger etter sitt tredje VM-gull på fem dagar – men denne gongen altså ikkje åleine. Hilde Fenne, Ann Kristin Flatland og Synnøve Solemdal gjekk også til gull.

Etter å ha veksla som nummer 14 midtveges, tok Noreg innersvingen på alle. Berger på siste etappe hadde 38 sekund å ta att på Tyskland. Det greidde ho med stor fart og topp skyting – og stavbrekk!

NB: Noreg vann også mix-stafetten i skiskyttar-VM. Men den reknar vi ikkje her, ettersom det ikkje er OL-øving.

Carlsens eventyrlege år

Magnus Carlsen

Magnus Carlsen var nordmannen som stod for idrettsprestasjonen som heile verda la merke til. Dersom sjakk er ein idrett, då. VM-tittelen og nominasjonane til idrettsgallaen skapte ein stor diskusjon om akkurat dette

Foto: BABU / Reuters

Men med all respekt for vintersporten: Årets idrettsbragd stod Magnus Carlsen for. Oppvisninga i sjakk-VM mot Viswanathan Anand i India vart lagt merke til verda over og skapte sjakkfeber i stor skala her heime.

Anand var verdsmeister frå 2007, men var sjanselaus mot Carlsen. Allereie to parti før VM-kampen skulle vore over, hadde Carlsen sikra sigeren med 6,5 mot 3,5 poeng.

Så suveren var Carlsen at heile sjakk-ekspertisen var samde om at han kjem til å dominere sjakksporten i lang tid .

VM-tittelen sende Carlsen til topps på alle popularitets-kåringar og utløyste ein heftig debatt om sjakk er ein idrett eller ikkje.

Carlsen vart nominert til årets namn og i open klasse på idrettsgallaen, men ikkje som årets idrettsutøvar .

Les: Sjakkikon sjokkert over Carlsen-vrakingen

Video: Magnus Carlsen blir historisk verdsmeister og skaper norsk sjakkfeber. Artikkelen held fram under videoen.

Under verdensmesterskapet i sjakk 2013 snakket ''hele Norge'' om dette spillet som ellers ikke får så stor oppmerksomhet i norske medier. Årsaken heter naturligvis Magnus Carlsen, men i denne reportasjen ser du at interessen for sjakk er større enn vi kanskje tror, og at sporten stadig får flere utøvere og tilhengere.
Norske Magnus Carlsen (f. 1990) vant VM i sjakk i India 22. november 2013.

Sjakkfeberen tok Noreg med storm. Det begynte eigentleg då Carlsen vann kandidat-turneringa i London i vår, og det vart klart at han skulle bli Anands utfordrar i november.

Og med direkte tv-sendingar frå alle VM-partia, steig sjakkinteressa til dei heilt store høgdene.

Blant mange markeringar og mykje heider for den norske 23-åringen var invitasjonen til hans favoritt-fotballklubb Real Madrid, der han fekk ta avsparket i ein ligakamp .

Fotball: EM-medaljar og Drillo-sparking

Fotballåret 2013 blir hugs i hovudsak av tre hendingar – to gode og ei mindre god.

U21-landslaget enda på bronseplass i si første EM-deltaking sidan 1998. Sigeren over England vart utslagsgivande i meisterskapet i Israel. Det norske laget tapte 3–1 for Spania i semifinalen.

Endå eit hakk betre gjekk det for kvinnene. Dei spela seg heilt fram til EM-finalen mot Tyskland. Etter to brende straffespark tapte jentene 0–1 for Tyskland i finalen i Stockholm.

På minussida i fotballåret 2013 kom sparkinga av landslagssjef Egil "Drillo" Olsen . Den mest suksessrike landslagssjefen i norsk fotballhistorie vart også den første som fekk sparken. Det skjedde 27. september.

Les: Drillo på hytta: – Jeg trenger tid på å godta at en epoke er slutt

Les: Drillo provosert over NFF-ledelsen

Les: Hallén: – Det var ikke meg og Siem mot resten

Etter at kampen om førsteplassen i gruppa i VM-kvalifiseringa var tapt med 0–2 mot Sveits, valde NFF å gi plassen til Per-Mathias Høgmo. To kampar før kvalifiseringa var over, og medan det framleis var ein sjanse til playoff, tok Høgmo over – berre tre dagar før troppen til dei to siste kampane skulle takast ut.

Og i norsk klubbfotball tok Strømsgodset sitt første seriemeisterskap på 43 år, og Molde tok med 4–2 over Rosenborg i finalen sin tredje tittel på dei tre åra Ole-Gunnar Solskjær har vore manager i klubben.

Spørsmålet er om han sit ved Molde-roret også i 2014.

Friidrett

VM i friidrett i Moskva blei det første på lenge utan norske medaljar. Det kom i første rekke av at Andreas Thorkildsen ikkje klarte å kome på pallen i spydkast . Han var det einaste reelle norske medaljehåpet på førehand, men enda på ein skuffande sjuandeplass.

Også Henrik Ingebrigtsen fekk finaleplass, på favorittdistansen 1500 meter. Han gav alt for medalje, men måtte ta til takke med åttandeplass i det beinharde feltet., 1,24 sekund etter vinnaren Asbel Kiprop. I semifinalen sette han norsk årsbeste med 3.36,33.

Jaysuma Saidy Ndure var i finalen på 200 meter, men der vart han sist.

Ezinne Okparaebo gjekk til semifinalen på 100 m etter årsbeste med 11,23 i kvalifiseringa.

Siste nytt

  • Norge VM-åpner mot Russland

    Norge møter Russland i sin første kamp i neste års ishockey-VM i Slovakia. Kampen går i Bratislava 10. mai. To dager senere er Sverige motstander, mens Sveits venter 15. mai. På Norges nasjonaldag 17. mai er det kamp mot Østerrike, mens Italia står på menyen dagen etter. Norge avslutter gruppespillet mot Latvia 21. mai.

    Ishockey
    Foto: Geir Olsen Lillehammer NOR, Geir Olsen / NTB scanpix
  • Elofsson rammet av hjerneslag

    Den tidligere svenske langrennsstjernen Per Elofsson (41) forteller i et Instagram-innlegg at han ble rammet av et hjerneslag for tre uker siden. – Forsto at noe var alvorlig galt og har siden knapt kunnet gå på toalettet selv, skriver han.

    Elofsson
    Foto: Anders Wiklund/SCANPIX / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal