Hopp til innhold

19-åring rasar etter skuldingar om juks – går ut mot Magnus Carlsen

Hans Niemann (19) sjokkerte sjakkverda då han slo Magnus Carlsen i ei storturnering denne veka. Like etter trekte Carlsen seg frå turneringa, og skuldingar om juks rasa mot den unge amerikanaren. No slår Niemann tilbake.

Magnus Carlsen gjør et trekk under turneringen Norway Chess

TREKTE SEG: Magnus Carlsen fekk sjakkmiljøet til å koka då han trekte seg frå storturneringa måndag.

Foto: Carina Johansen / NTB

– Å sjå helten min prøve å øydeleggje ryktet og karrieren min er utruleg skuffande. Du ser opp til nokon heile livet, og så møter du dei. Eg levde draumen min i ein dag då eg slo Magnus, men så skjedde dette, seier Niemann i eit intervju med arrangøren i storturneringa i St. Louis.

Etter at den norske stjernespelaren med kvite brikker gjekk på eit svært overraskande tap mot amerikanaren Niemann, trekte Carlsen seg frå turneringa. Måten han gjorde det på får Niemann til å reagere.

– Eg har alltid likt å spele i Sinquefield og eg håpar å komme tilbake i framtida, skreiv Carlsen på Twitter.

Han hadde og lagt ved eit YouTube-klipp av fotballmanageren José Mourinho som seier: «viss eg snakkar, kjem eg i kjempetrøbbel».

Det meiner Niemann var ein tydeleg insinuasjon på juks.

– Etter kampen la Magnus ut tweeten, med openberre insinuasjonar og så hoppar alle på. Det faktum er at han gjorde det på den måten utan å seie noko, han visste kva insinuasjonar som ville følgje. Det er tusenvis av tweets med folk som angrip meg, seier Niemann.

Verken Magnus Carlsen eller pappa og manager Henrik Carlsen ynskjer å kommentere saken.

Les også Rystet av Carlsen-beskjed: – Virkelig? Det er ganske latterlig

Magnus Carlsen

Innrømmer juks

Etter at Carlsen trekte seg kom den tidlegare erkerivalen til nordmannen, og Niemanns landsmann, Hikaru Nakamura med nye skuldingar. På Twitch-kanalen sin meinte Nakamura at Carlsen trekte seg frå turneringa fordi Niemann juksa.

Han sa også at Niemann vart utestengd frå nettsida Chess.com, der det blir spelt sjakk over nettet, på grunn av juks.

No innrømmer Niemann at dette stemmer, og at han juksa to gonger i kampar online.

– Då eg var 12 år spelte eg ei turnering med ein venn. Vi hadde eit nettbrett med ein sjakkcomputer, og han byrja å gi meg trekk frå han. Det var i ei turnering med prispengar. Fire år seinare, då eg var 16, ville eg berre få høgare rangering på Chess.com så eg kunne spele mot betre spelarar. Så eg juksa i tilfeldige kampar utan prispengar på Chess.com. Eg vart konfrontert med det, og eg tilstod. Det er den største tabben i livet mitt og eg skammar meg, fortel Niemann.

Hikaru Nakamura

SKULDINGAR: Hikaru Nakamura retta skuldingar om juks mot Hans Niemann.

Foto: Lennart Ootes / FIDE

Han insisterer på at han ikkje ville juksa i ein ekte kamp.

– Eg går ut med dette no, og det øydelegg kanskje ryktet mitt for alltid, men eg vil at folk skal vite sanninga. Eg skammar meg veldig, men hugs at eg var 16. Eg ville ikkje skade nokon, og dette var tilfeldige kampar. Eg kunne aldri gjort det i ein ekte kamp, seier Niemann.

Opnar for å bli sjekka før kamp

Niemann er framleis med i storturneringa i St. Louis, og leier førebels med eit halvt poeng ned til andreplass. Skuldingane om juks på nettet har no også ført til skuldingar om juks over brettet, men amerikanaren opnar for alle måtar å motbevise det på.

– Dei kan gjere kva sjekk som helst på meg før kampane. Dei kan knyte meg til ein stol heilt naken om dei vil. Eg bryr meg ikkje, eg gjer det. Eg veit eg er rein. Eg kan spele i ein lukka boks som blokkerer elektrisitet. Berre sei kva de vil eg skal gjere, seier Niemann.

Konkurrent Maxime Vachier-Lagrave, som speler turneringa i St. Louis, og er rangert som nummer 12 i verda akkurat no, forsvarer Niemann.

– Eg synest dette har vorte til ei heksejakt, og effekten det kan ha på Hans er knusande. Eg veit ikkje om han har juksa, men basert på informasjonen eg har no trur eg ikkje det, seier franskmannen.

TREKTE SEG: Magnus Carlsen trekte seg frå turneringa i St. Louis etter tapet mot Niemann.

Foto: ARUN SANKAR / AFP

No hevdar Niemann at han er utestengd frå Chess.com som følgje av utsegnene til Nakamura og Carlsen, og at han blir nekta å delta i den store onlineturneringa Global Chess Championship på nettsida.

– På grunn av kampen mot Magnus og på grunn av det han sa har dei fjerna meg fullstendig frå nettsida. Eg kjem ikkje til å la Chess.com, Magnus Carlsen og Hikaru Nakamura – kanskje dei tre største delane av sjakken, øydeleggje ryktet mitt. Spørsmålet er kvifor dei fjerna meg frå Chess.com rett etter at eg slo Magnus, seier han og hevdar han ikkje har fått ei grunngiving for utestenginga.

– At dei har valt å hoppe på Magnus' insinuasjonar og Hikaru sine veldig direkte skuldingar – eg synest det er veldig urettferdig og eit direkte angrep. Dei har berre gjort dette på grunn av det Magnus og Hikaru har sagt.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal