Hopp til innhold

18 hol – 18 uskrivne reglar

Trudde du det er nok å lese regelboka før du går ut til ein runde på golfbana? På ingen måte – her er reglane som ikkje står der, men som du må kunne likevel.

golf

MANGE REGLAR: Golf er ein idrett med mange reglar. Dei viktigaste er uskrivne

Foto: Ap

Suzann Pettersen kom i konflikt med ein av dei under Solheim Cup i helga (sjå faktaramme). Amerikanske Allison Lee tok ballen etter ein mislukka putt fordi ho trudde at Europa hadde godtatt det. Men Pettersen protesterte.

Dei fleste idrettar har i større eller mindre grad av uskrivne reglar. Eller gentlemen's agreements, som det heiter – også blant kvinnene.

Her er ei liste, utarbeidd av Professional Golfers Association (PGA). Som det sømmer seg i denne idretten, er lista på 18 punkt.

Tiger Woods

IKKJE EIN LYD: Ver stille, er ein grunnregel på golfbana. Her minner Tiger Woods om akkurat det

Foto: AARON JOSEFCZYK / REUTERS

1. Ver stille. Golf er ein sosial idrett, men det er også ein idrett med konsentrasjon. Ikkje snakk når nokon skal slå. Di røyst er ein distraksjon – og ei grei unnskyldning dersom slaget ikkje er godt.

2. Forlat bana slik ho var då du kom – eller betre. Reparer merke i bunkeren, eller legg torva tilbake på plass. Landar ballen i eit gammalt fotavtrykk i bunkeren, gjer det oppgåva vanskelegare. Ute på graset er det heller ikkje populært med merke.

3. Pass på skuggen din. Ikkje la skuggen kome inn der spelaren skal slå, eller bevege den i hans synsfelt.

4. Pass på kvar du står. Det er distraherande for han om du står direkte bak spelarens slaglinje eller puttelinje. Vil du sjå putten eller dra lærdom av spelaren, så vent med å gå bak han til han har slått. Uansett må du ikkje stå for nær han.

Golf

IKKJE SLIK: Jimmy Walker reagerer sterkt etter å ha bomma på ein putt. Truleg ein reaksjon på grensa av det tillatne, ifølgje punkt 13

Foto: BEN STANSALL / Afp

5. Sportsånd framfor alt. Trur du at du kan tene på å «miste» ein bag eller hoste medan motspelaren konsentrerer seg om putten? Neppe. Det einaste du truleg oppnår er at ingen vil gå saman med deg på framtidige rundar.

6. Hald flagget for konkurrenten. Det er aldri feil å spørje nokon som skal ta ein lang putt om du skal halde flagget for dei. Hald flagget i holet til spelaren har sendt av garde putten, så fjernar du flagget før ballen er framme. Og om nokon er rett på utsida av greenen, spør om vedkomande ønskjer at du skal halde flagget i holet eller ikkje.

7. Tryggleik først. Ikkje nøl med å rope «fore» når du har slått. Dette er eit varsel om kva veg ballen kjem. Dersom du sender i veg ein ball i retning ein person, så rop «fore» så høgt du kan.

8. Ver raus med tips. Caddiane, drikkekøyrarane, og andre hjelparar er ikkje der for moro skuld. Dei er på jobb og blir forventa å gjere jobben profesjonelt. Derfor skal du også behandle dei på ein profesjonell måte når dei gjer ein god jobb.

9. Returner mista køller. Spelarar gløymer ofte golfkøllene sine. Ikkje knabb den, men lever den tilbake. Du kjem sjølv til å gløyme di ein vakker dag. Dette burde vere unødvendig å seie, dessverre er det ikkje det.

Golf-miss

UT AV TRØBBEL: Tom Lehman dundrar seg ut av bunkeren så støvskya står. Forhåpentleg følgde han reglane og fjerna fotspora sine før han gjekk vidare

Foto: TIM ISBELL / Ap

10. Hald følgje med gruppa framfor deg. Det er lett å bli irritert over folk som spelar for sakte. Ha gruppa framfor deg innan synsvidde.

11. La raskare spelarar spele forbi deg. Dei vil setje pris på det, og det vil du også. Det er ikkje moro for dei å sjå deg kløne med holet ditt. Det er heller ikkje moro for deg å ha dei pustande i nakken. Og er du den som spelar raskt og skal forbi, spel ekstra raskt til du er forbi. Ikkje leit etter bortkomne ballar for lenge, eller bruk lang tid på å måle opp ein putt.

12. Ikkje le når nokon bommar på ein kort putt. Det er ikkje moro for dei, og det er ikkje moro for deg når dei ler etter at du har gjort det same på eit seinare hol. Som du garantert kjem til å gjere.

Germany Golf Solheim Cup

UPOPULÆRT: Suzann Pettersen utfordra regel 14 under Solheim Cup i helga. Det var ikkje vidare populært

Foto: Jens Meyer / Ap

13. Vis respekt for spelet og spelarane. Ha det moro, men ikkje på andres kostnad. Roping så det kan høyrast mange fairwayar unna, er ikkje morosamt. Ikkje bann så det ljomar heller. Ikkje kast kølla i bakken av sinne heller. Ta andre spelarar i handa etter runden, gjerne samstundes som du tar av deg lua. Og ikkje ha lua på innandørs.

14. Spel til ballen er i holet. Om ikkje din med- eller motspelar spesifikt seier at ballen er «god», det vil seie aksepterer at du har vunne holet etter ein litt mislykka putt, spel til ballen er nede i koppen. Holet er ikkje over før ballen er der.

Golfbil

GOLFBIL-REGLAR: Parker rett, og ikkje start når ein av medpassasjerane i kvitt drikk vatn

Foto: TANG CHHIN SOTHY / AFP

15. Golfbil-etikette. Parker på ein stad der du ikkje treng å gå tilbake for å hente han. Ikkje parker slik at bilen står i vegen for andre spelarar. Ikkje start bilen medan ein annan spelar er i ferd med å slå. Ikkje start bilen i det medpassasjeren er i ferd med å ta ein slurk av vassflaska – spesielt ikkje om han er kledd i kvitt.

16. Kom i hug då du var nybyrjar. Ikkje ver ekkel mot dei som er ferske i dette spelet, eller ikkje heilt har fått med seg normene. Prøv heller å lære dei det.

17. Ikkje ver ein sandbagger. Når du er i konkurranse, anten turnering eller berre ei vennskapeleg dyst – ikkje fall for freistinga til å skrive høgare handikap enn du skal ha. Det er juks, og det er det verste du kan gjer ei golf. Det er utilgjeveleg.

18. Vinnaren kjøper drinkane etter konkurransen. Om du har vunne runden og pengepremien, er det minste du kan gjere å spandere ein runde på alle i klubbhuset etterpå.

PS: Det var regel nummer 14 Suzann Pettersen påpeika at Allison Lee hadde brote under Solheim Cup denne helga – ei påpeiking som skapte overskrifter og fy-rop verda over.

Siste nytt

  • Botheim matchvinner etter at «Tokki» mistet hodet

    Tokmac «Tokki» Nguen mistet de siste sju minuttene av storkampen mellom Djurgården og Malmö etter at han fikk rødt kort. Så ble Erik Botheim helten på overtid.

    – Det var en kjempetøff kamp med høy temperatur. Vi visste at det var marginer som ville avgjøre det, sa Botheim til Discovery og fortsatte:

    – Det er dritdeilig. Overtidsscoring borte mot Djurgården, får man noe deiligere enn det?

    Kampen tok fyr i sluttminuttene med en nordmann på hvert sitt lag i hovedrollene.

    I 82. spilleminutt på stillingen 0-0 var Nguen på vei gjennom, men ble stoppet av Malmö-forsvarer Derek Cornelius.

    Cornelius jublet hemningsløst over Nguen, som svarte med å løpe ned canadieren og fikk raskt det røde kortet.

    Det skulle vise seg å bli skjebnesvangert for vertene, for ti tre minutter på overtid stanget Botheim inn matchvinnerscoringen for Malmö.

    Fotboll, Allsvenskan, Djurgården - Malmö FF
    Foto: BILDBYRÅN
  • Arne Slot: – Jeg vil til Liverpool

    Feyenoord-trener Arne Slot legger ikke skjul på ønske om å bli Jürgen Klopps etterfølger som Liverpool-manager.

    – Det er ingen hemmelighet at jeg vil til Liverpool, iser Slot til ESPN like før Feyenoords kamp mot Go Ahead Eagles torsdag kveld.

    – Feyenoord og Liverpool er i forhandlingssamtaler. Jeg venter på hva som kommer ut av det. Jeg er selvskikker, og venter på at klubbene skal komme til enighet, fortsetter Slot.

    Nederlenderen har de siste dagene blitt sterkt koblet til Liverpool-jobben når Klopp forsvinner etter sesongen.

    Den nederlandkse storavisen De Telegraaf har skrevet at Feyenoord kan kreve opptil 15 millioner euro for Slot, som har en kontrakt med klubben som går ut sommeren 2026.

    Liverpool-kaptein Virgil van Dijk har snakket varmt om landsmannen som en potensiel manager.

    – Jeg synes han spiller på en måte og med en sånn filosofi at han kunne vært Liverpool-manager. Vi får se. Neste år kan vi fokusere på det, sa van Dijk til nederlandske Viaplay onsdag.

    Arne Slot
    Foto: Russell Cheyne / Reuters
  • Vålerenga-spissen slo tilbake i enkel cupseier

    Vålerenga hadde få problemer mot 3.-divisjonsklubben Oppsal og gikk videre til 3. runde i cupen etter 4-0-seier. For Mees Rijks ble det en liten revansj etter helgens utvisning mot Lyn.

    Rijks ble slaktet av egen sportssjef etter sitt røde kort i helgens byderby. Nederlenderen ble utvist på stillingen 1-0 til VIF, og kampen endte til slutt 1-1.

    Torsdag fikk Rijks æren av å score Vålerengas siste i 4-0-seieren mot Oppsal.

    – Det har ikke vært lett de siste dagene siden det røde kårtet. Sånn er spillet. Det har vært en spesiell uke, sier Rijks til TV 2.

    Tidligere i kampen hadde Jones El-Abdellaoui, Vegar Eggen Hedenstad og Aleksander Hammer Kjelsen scoret Vålerengas tre første mål.

    Neste uke får Vålerenga besøk av Tromsø i cupens tredje runde.

    De to siste eliteserielagene var også i aksjon torsdag kveld. Med Fredrikstad og Sarpsborg 08 sine avensement røk ingen av de 14 gjenværende klubbene fra øverste nivå ut i andre runde.

    Fredrikstad tok seg videre etter 5-2-seier mot Eik Tønsberg. Laget fra Plankebyen får besøk av Rosenborg i neste runde.

    Sarpsborg 08 gjorde jobben med sin 2-1-seier mot Hønefoss. Østfold-laget møter Råde borte i runde tre.

    NM i fotball 2024: Oppsal - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal