18 nye russarar nekta VM-deltaking
11 nye russiske utøvarar fekk i dag grønt lys for å delta i friidretts-VM i Doha som nøytrale utøvarar.
18 fekk avslag. Blant dei er høgdehoppar Anna Tsjitsjerova og kappgjengar Elena Lasjmanova, som begge tok OL-gull i 2012.
Dermed er 128 utøvarar godkjende for å delta under nøytralt flagg, ikkje for heimlandet. Desse er så grundig testa utanfor Russland at dei er utanfor dopingmistanke. 58 har fått avslag, melder insidethegames.biz.
Det internasjonale friidrettsforbundet utestengde Russland i november 2015 etter rapportar om omfattande og systematisk doping.
VM i Doha opnar 27. september.