178 endringar: Dette er mannen bak kontroversane

Han fekk i oppdrag å modernisere fotballreglane. På fire år har David Elleray og IFAB korta ned regelboka med 10.000 ord og endra 178 regler.

Elleray Manchester United

David Elleray var geografilærar på privatskolen Harrow ved sida av dommaryrket. Han var kjend for å ta spelarane i skule. Her gjer han det med David Beckham og Roy Keane.

Foto: Ferran Paredes / Reuters

VAR, hands, kort til lagleiarbenken, meir bruk av elektroniske hjelpemiddel. Det er dei største av dei mange fotballreglane som er endra sidan David Elleray fekk i oppdrag å modernisere regelverket.

– Målet må vere å gjere regelverket meir tilgjengeleg, ikkje berre for dommarar, men også for spelarar, trenarar og alle som er interesserte i fotball, sa Elleray i eit intervju på IFABs nettsider då han tok til med arbeidet i mars 2016.

Då hadde IFAB dei siste åra allereie forenkla lovteksten med 10.000 ord.

Den tidlegare internasjonale toppdommaren har den litt svevande tittelen teknisk direktør i IFAB, selskapet som styrer dei internasjonale fotballreglane. I realiteten betyr det at han står i spissen for alle reglar som all organisert fotball på alle nivå verda over skal følgje.

Ellerays fire år lange «regjeringstid» har dermed truleg ført til fleire regelendringar enn dei siste hundre åra totalt.

– Eg trur nokon av desse regelendringane har vore bra, men det har nok gått litt fort. Det har nok kome litt for mykje på kort tid, seier NRKs fotballekspert Morten Morisbak Skjønsberg.

Vendepunktet

Fotballen har vore i konstant utvikling, men regelverket har ikkje alltid vore like godt oppdatert. Det fann IFAB sjølv ut for nokre år sidan.

Det som truleg var vendepunktet, skjedde ein søndagskveld i juni 2010. England møtte Tyskland i åttedelsfinalen i VM. Frank Lampard skaut i tverrliggaren, og ballen slo ned eit godt stykke bak streken.

Det skulle gitt 2–2 like før pause. Men verken dommar eller linjedommar var vakne nok, og dømde ikkje mål. Tyskland vann til slutt 4–1.

Frank Lampard

Skotet til Lampard var over mållinja, men vart ikkje dømd til scoring.

Foto: Alessandra Tarantino / Ap

FIFA-president Sepp Blatter snudde på hælen. Fotballens mektigaste mann hadde heile tida gått imot elektroniske hjelpemiddel for dommaren.

– Vi kan ikkje la noko slikt skje i det neste VM, slo Blatter fast.

Han ombestemte seg tvert. Regelverket måtte bli modernisert, og moderne elektroniske hjelpemiddel måtte takast i bruk.

Og i 2012 avgjorde IFAB, fotballens regekomité, samrøystes å innføre teknologi for å markere scoring.

IFABs erkjenning

To år etterpå blei IFAB gjort om til eit eige sjølvstendig selskap, i erkjenninga av at regelverket ikkje heldt mål. Oppgåva blei derfor nettopp å modernisere regelverket.

Til å leie arbeidet tilsette IFAB David Elleray, rutinert dommar med over 200 kampar i Premier League, pluss meisterskap, landskampar og cupfinalar i fleng.

Sidan 2016 har han og teamet hans endra fotballreglane meir enn IFAB hadde gjort på over 50 år.

– Det eg meiner, er at vi må bruke reglane til å gjere fotballen meir attraktiv, meir rettferdig og å skape større respekt, sa han til Sky Sports i 2017.

Etter fire år med Ellerays moderniseringsarbeid er altså 178 store og små lover og reglar endra. Dei to største er utan tvil den nye handsregelen, som har skapt store overskrifter, og VAR-teknologien, som skal vere eit hjelpemiddel for dommarane.

Martin Atkinson markerer hands

Den nye handsregelen har lite rom for skjønn og tolking

Foto: Phil Noble / Reuters

– Den aller største endringa er VAR. Noko er så smått at det ikkje spelar så stor rolle. VAR er openbert det store inngrepet. Det ser ein på handsregelen, der ein ser alle desse situasjonane det blir dømd straffespark. Det stemmer ikkje overeins. Straffa blir for stor for regelbrotet. Dei må revurdere den regelen. Utan VAR ville det heller ikkje blitt plukka opp i same grad. Å gjere fotballen meir rettferdig, attraktiv og større respekt, det har han ikkje lukkast med, fastslår Skjønsberg.

VAR-protokollen åleine er oppdatert og omskriven 11 gonger. Ellerays retningslinje er at VAR berre skal bli brukt til å rette «klåre og tydelege feil».

– VAR har ikkje berre fungert godt i den tida det har vore i bruk. Men vi har lært mykje, og det skal vi ta med oss og bruke seinare, seier Elleray og varslar ny VAR-gjennomgang på neste IFAB-møte i mars neste år.

Offside neste?

Som ein del av moderniseringa vil han derfor også ta tak i offsideregelen. Han meiner at elektronikken fungerer «altfor godt» ved offside-avgjerder, og vil ha tilbake praksisen der tvilen skal kome den angripande part til gode.

– Om tåa di er to centimeter framfor forsvarsspelaren, er neppe det ein fordel stor nok til at du skal bli straffa, sa Elleray til pressa etter IFABs årlege møte i mars i år.

– Kan vi endre regelen på ein måte som favoriserer den offensive fotballen? spør Elleray.

VAR-dømming

Innføringa av VAR har skapt mykje debatt innan fotballen. Det er berre ein av nær 200 endringar på fotballreglane de siste åra.

Foto: Michael Regan / Reuters

Dette er nokre av endringane og nye reglar som er sett i verk desse fire åra:

  • VAR
  • Raudt kort til trenar og lagleiarbenk
  • Utspel som ikkje treng å gå ut av boksen
  • Spelarar som blir skadde eller bytta ut, skal forlate bana på nærmaste punkt på sidelinja eller dødlinja
  • Angrepsspelar minst ein meter frå forsvarande mur
  • Spray-markering ved frispark
  • Keeper skal ha minst ein fot på linja ved straffe
  • Ekstra innbytar i ekstraomgangar
  • Reglar for informasjon til og frå lagleiarar i teknisk område

Og det kunne vore meir.

Dette er forslag som låg i Ellerays strategidokument i løpet av hans første år i jobben, ifølgje Sky Sports: 60 minutts effektiv speletid, straffe når keeper tek tilbakespel med hendene, scoring ved hands på målstreken og at ein kan ta med seg ballen ved frispark og hjørnespark.

Ingenting av dette er konkrete forslag enno, men det kan bli.

– Dette er ein femårsplan, og vi vil prøve ut ideane. Nokon av endringane vil ta lang tid å prøve ut, nokre kortare. Så får vi sjå kvar fotballen vil, sa Elleray.

NRKs ekspert fryktar at inngrepa blir for store og endrar sporten for mykje.

– Det eg er redd for er at ein skal gjere så mykje meir enn dette. Vi skal ikkje gløyme at fotball er verdas mest populære idrett allereie. Eg trur ikkje ein skal gjere så mykje meir, for eg er redd ein alt har gjort for mykje. Spesielt dette med VAR er veldig inngripande i fotballen. Det gjer det til «mindre fotball». For dei som ser på er fotball eit slags teaterstykke med ein dramaturgi der heltane dine skal slå ein motstandar. Før var det rom for at dommaren gjorde feil, det var ein del av spelet. Slik er det i livet generelt også, der kjem det ikkje noko VAR-kamera og grip inn. Det var noko meir jordnært og naturleg over det, seier Skjønsberg.

I 1925, for 95 år sidan, blei offsideregelen endra slik at berre to spelarar måtte vere mellom angriparen og dødlinja. Tidlegare var det tre. Etter det har det berre vore nokre få større endringar i fotballreglementet før Ellerays inntog i IFAB i 2016:

  • Lov med innbytar(ar) (1965, utvida gradvis)
  • Straffekonkurranse (1970)
  • Gule og raude kort (1970)
  • Forbode for keeper å ta tilbakespel med hendene (1992)
  • Mållinjeteknologi/måldommarar (2012)

Siste nytt

  • Koronasmitte spolerte NFL-tradisjon

    Ti smittetilfeller hos Baltimore Ravens ødela den amerikanske tradisjonen med tre NFL-kamper på høytidsdagen thanksgiving.

    Å ha NFL-kamper på TV under familiesammenkomstene siste torsdag i november er en kjær tradisjon, men i år forsvant selve storkampen da kveldsoppgjøret mellom Ravens og ubeseirede Pittsburgh Steelers måtte utsettes til søndag.

    J.K. Dobbins og Breon Borders
    Foto: Nick Wass / AP
  • Åpner for tilskuere i England

    Den britiske regjeringen har åpnet for at tilskuere igjen kan slippes inn på britiske idrettsarenaer fra 2. desember.

    Hvor mange som får tilgang til å følge idrett fra tribuneplass, er avhengig av smittetrykket i det aktuelle området der idrettsarrangementet finner sted. Der smitten er lav kan 4000 fans slippe inn.

    Ingen klubber i Premier League holder til i områder der det kan åpnes for 4000 fans, melder Daily Mail.

    Arsenal, Brighton, Chelsea, Crystal Palace, Everton, Fulham, Liverpool, Southampton, Tottenham og West Ham kan derimot planlegge for 2000 tilskuere.

    Solskjær og United kan ikke ha tilskuere på stadion enda.

    Ole Gunnar Solskjær
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Cupfinalen flyttes fra Ullevaal

    Kvinnenes cupfinale mellom LSK og Vålerenga flyttes fra Ullevaal Stadion. Det bekrefter konkurransedirektør i Norges Fotballforbund Nils Fisketjønn til VG.

    – Ullevaal Stadion har fått beskjed om at det ikke vil avvikles cupfinale der. Det er to grunnet til det: dekket og faren for å ødelegge det, og fasilitetene. Det bygges om garderober i inngangspartiet nå. Vi skulle klart det med hotell og styrkerom på den opprinnelige datoen, men nå som det er blitt flyttet blir det vanskelig, sier Fisketjønn.

    Det er ikke bestemt hvor den skal spilles, men fjorårets finale ble spilt på Telenor Arena. Kampen skal etter planen spilles 13. desember.

    Fotball, Toppserien kvinner Vålerenga - LSK Kvinner (4-2)
    Foto: Erik Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal