NRK Meny
Normal

17 renn, 17 sigrar, 38 pallplassar: Tidenes dominans i verdscupen

Dei tyske kombinertløparane har gjort reint bord og vunne alle individuelle kombinertkonkurransane i verdscupen i vinter.

Tysk kombinert-dominans

HAR VUNNE ALT: Desse tre tyskarane har til saman gått til topps i alle renna i verdscupen i vinter

Foto: Heikki Saukkomaa / AP

Då Johannes Rydzek gjekk først over målstreken i neste års OL-trase i Pyeongchang sist søndag, tok han Tysklands 17. individuelle verdscupsiger av 17 mogelege.

Og det stansar ikkje der:

  • I 16 av 17 renn har det vore to eller tre tyske løparar på pallen.
  • 38 av 51 pallplassar har gått til Tyskland. Andre land har til saman måtte nøye seg med 13.

Det er ein dominans som er uslåeleg, og som neppe har sitt sidestykke i verdscupen i nokon vinteridrett.

– Alle pushar kvarandre

– Tyskland har fått fram eit utruleg sterkt lag, med mange svært gode utøvarar både i bakken og i løypa. Når du får eit så høgt nivå på alle i eit lag, pushar alle kvarandre. Dei er langt framfor dei andre nasjonane, seier Bjarrte Engen Vik til NRK.

Vik tok OL-gull i Nagano i 1998 og blei individuell verdsmeister både i 1999 og 2001. Han følgjer framleis med på sin gamle idrett.

– Dei tyske løparane har sett ein standard for korleis det skal gjerast. Eg håpar både Norge og dei andre let seg inspirere.

Ingen trussel mot kombinert-sporten

Mykje er sagt om at den norske langrennsdominansen dei siste åra til tider har vore så stor at det er ein fare for interessa for sporten. Men den tyske kombinert-dominansen er større enn Norges langrennsdominans nokosinne har vore.

– Er det ei skadeleg utvikling for kombinert?

– Nei, ikkje så lenge det er Tyskland som dominerer. Det er ein så viktig nasjon å ha med at det tvertimot kan vere ein fordel. Der er det store aktørar som kan gå inn med midlar, og tysk tv får opp interessa for sporten. Det viser seg også på publikumsinteressa i Mellom-Europa. For det er stor idrett det Tyskland driv med.

Dei norske manglar stabilitet

Han trur ikkje Norge kan hente inn dette, iallfall ikkje på kort sikt.

– Norske utøvarar kan få enkeltresultat, men er ikkje i nærleiken av å ha nokon som er like stabil som tyskarane. Det er i alle fall for kort tid igjen til VM. Men eg håpar dei lærer og let seg inspirerer av det Tyskland får til som nasjon, seier Bjarte Engen Vik.

Siste nytt

  • Ny kamp for Emil Meek

    Den norske MMA-utøveren Emil Meek skal gå sin neste kamp mot Kamaru Usman i Las Vegas 30. desember, skriver Nettavisen. MMA-journalist Farah Hannoun meldte nyheten først på Twitter fredag kveld. Meek var sist i aksjon da han UFC-debuterte med seier mot Jordan Mein i Toronto i desember i fjor.

    Meek
    Foto: Tom Szczerbowski / Reuters
  • Sørloth storspilte i dansk toppkamp

    Alexander Sørloth scoret ett og hadde tre målgivende da Midtjylland slo Horsens 4-2 og tok over tabelltoppen i Danmark. Sørloth er nå på delt tredjeplass på toppscorerlisten i den danske eliteserien med åtte mål.

    Alexander Sørloth
    Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix
  • Heintz forlenget med Sarpsborg

    19-åringen Tobias Heintz skrev fredag under en ny fireårskontrakt med Sarpsborg 08. Unggutten fra Moss har hatt en god sesong og scoret tre mål for Sarpsborg 08. Den nye avtalen varer til sommeren 2019, melder klubben i en pressemelding.

    Eliteserien fotball 2017: Sarpsborg - Lillestrøm.
    Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 med Schau og Aune
4-4-2 Eliteserien fotball: Aalesund - Kristiansund