– Det er forbløffande korleis han heldt nervane i sjakk, seier NRK sin kommentator i kunstløp Rita Morvik.
Persa med over tre poeng
– Sondre gjorde ein solid innsats, seier internasjonal dommar i kunstløp Mona Adolfsen.
Kunstløparen frå Asker skøyteklubb sette like så godt ny personleg rekord i kortprogrammet med poengsummen 49.84 etter ein teknisk score på 26.84 og ein prestasjon score på 23.00.
Persen er ei betring på 3.04 poeng, noko som er ekstra imponerande sett i ljos av at dette er hans fyrste seniorkonkurranse – og attpåtil EM.
- Les også: God start for Gjersem i EM
Éin plass unna friløpet
Bøe var tredje løpar på isen i Budapest av totalt 35 deltakarar, og hadde æra av å leia kortprogrammet ei stund. Dei beste gjekk til slutt.
For å kvalifisera seg til friløpet måtte 16-åringen vera mellom dei 24 beste. Det heldt nesten. Då samtlege var ferdige, var Bøe nede på 25.-plass. Spanske Javier Fernández leiar etter kortprogrammet. Sjå her for resultat.
– Det er sjølvsagt surt å hamna på den plassen, men prestasjonen er likevel impoenerande, seier Adolfsen.
Enorm utvikling
Kunstløparen har hatt ei enorm utvikling det siste halvåret. Tidleg i fjor haust var ikkje EM eitt av måla.
– Sondre har synt svært stabile resultat så langt denne sesongen, og er i hovudsak teken ut for å læra, seier Adolfsen, og legg til:
– Han har fått sett og trena med dei beste, det har uansett vore verdifullt.