Nesten 12 timar
. Og som dei siste åra er det dagane frå onsdag til fredag i stemneveka det blir sendingar – det er då dei gjevaste trofea skal delast ut.Onsdag 5. august:
Klokka 10.30-18.45: Klasse 5 – klassa for dei aller beste baneskyttarane – skal skyte sine innleiande 25 skot. Når dei er ferdige utpå ettermiddagen, er det også klart kven som får vere på kongelaget og prinsesselaget i den avsluttande finaleomgangen.
Klokka 20.05.-20.35: Kommentarar og oppsummering av skytinga.
Torsdag 6. august:
18.10-18.45: Prinsesselaget. Dei beste kvinnene frå den innleiande skytinga skal gjere opp om prinsessetittelen. Men det er likevel liten sjanse for at den blir avgjort her. Om det er kvinner blant dei 15 beste totalt, skal desse skyte i kongelaget, og då blir ikkje prinsessetittelen avgjord før det er over. Og det er lenge sidan det har vore kongelag utan kvinner.
20.00-20.55: Kongelaget. Her skal alt avgjerast. 15 skyttarar er med, dei skyt i grupper på fem og fem. Dei beste er i siste gruppe, og presset på skyttaren på skive 1 – den beste frå innleiingsskytinga – er stort. Vinnaren blir konge. Nummer to blir prins, og kvinnene på laget må kjempe om prinsessetittelen mot den som er beste kvinne etter prinsesselaget.
Om det er ei kvinne som går heilt til topps, blir ho skyttardronning. Det har skjedd berre ein gong, Mette Elisabeth Finnestad for ni år sidan. Då blir beste mannlege skyttar prins, og nest beste kvinne prinsesse.
Sendinga frå kongelaget går også i reprise midt på natta etterpå, klokka 03.30-04.25.
Fredag 7. august:
20.25-21.30: Hurtigskytingane. På avslutningsdagen av stamnet er det dei raske skyttarane som skal i aksjon. Eller «Texas på Landsskyttarstemnet», som denne sendinga heitte tidlegare. Vi viser finalen i stangskytinga og felthurtigskytinga. I stangskytinga vinn den som har flest treff på to ulike figurar i løpet av 2 x 25 sekund, felthurtigskytinga blir vunnen av den som treffer tre ulike figurar på kortast mogeleg tid.
Programleiar for sendingane er Carina Olset. Andreas Stabrun Smith og Ola Lunde skal kommentere skytinga.