Hopp til innhold

111 kampar utan tap for Magnus Carlsen: – Ein rekord som kan stå i fleire tiår

Med remis mot Jorden van Foreest sette Magnus Carlsen verdsrekord i langsjakk-kampar utan tap.

Magnus Carlsen

REKORD: Magnus Carlsen kan glise breitt etter sitt 111. langsjakk-parti utan tap, ein rekord han sjølv kan forbetre

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

NRKs sjakkekspert Torstein Bae er mektig imponert.

– Det er ei utruleg rekke som ingen andre kan vise til noko i nærleiken av, seier Bae.

– Gjennom eitt og eit halvt år har han gått gjennom turnering etter turnering, kamp etter kamp, mot verdseliten. Han er stadig utan tap. Det er ein fenomenal prestasjon av vår meister, seier Bae.

Det er 532 dagar sidan Magnus Carlsen tapte sin siste langsjakk-kamp. Det var mot Shakhriyar Mamedjarov 31. juli 2018.

Den gamle rekorden tilhøyrde russisk-nederlandske Sergej Tiviakov og blei sett i 2005.

– Men han møtte ofte dårleg motstand i løpet av si sigersrekkje. Carlsen har møtt god motstand heile tida, seier Bae.

Laster Twitter-innhold

Steg på vegen mot å bli tidenes største

Carlsen ligg eit stykke bak teten i turneringa i Nederland, og han hadde også startvanskar i kampen tysdag. Med svart sleit han, men sikra remis etter 45 trekk.

Men rekorden er god nok uansett.

– Mange trur at dette er ein rekord som kan bli ståande i tiår framover. Vi veit ikkje kor mange fleire Magnus kan klare, no jaktar han vidare på endå fleire, seier Bae.

Han meiner rekorden er endå eit steg på Carlsens veg mot å bli den største sjakkspelaren gjennom alle tider.

– Det som kanskje er aller mest imponerande, er at han på ingen måte har spela forsiktig. Tvert imot har han spela mykje meir aggressivt enn han gjorde for nokre år sidan. Likevel har han altså greidd dette, seier Bae.

– Utruleg prestasjon

Torstein Bae.

IMPONERT: - Ein fenomenal prestasjon, seier NRKs ekspert Torstein Bae om Carlsens rekord

Foto: NRK

– Kor mykje tenkjer Carlsen på dette sjølv?

– Eg meiner han har sagt sjølv at dette er noko han har hatt i bakhovudet, fordi han ser at dette er ein heilt utruleg prestasjon. Han har vore nær ved å tape nokre gonger i desse 111 partia, men har greidd å bite tennene saman, hatt litt gli også av og til, men han har klart det.

Carlsen er mange gonger verdsmeister i langsjakk, hurtigsjakk og lynsjakk. No har han også sette ei historisk rekke som ingen andre meistrar kan matche.

– Er ein slik prestasjon noko som fortener tittelen årets namn på neste idrettsgalla?

– Eg vil absolutt seie at dette må vere eitt av elementa der.

NB: Carlsen sjølv reknar med berre 109 parti. Han tek ikkje med to kampar han har spela for sin klubb Offerspill mot norsk motstand.

Internasjonalt er det også sett spørsmål ved Tiviakovs rekord, fordi fleire av kampane hans var mot spelarar på eit lågt nivå. Derfor var det mange som tilkjende Carlsen rekord då han i oktober spela sitt parti nummer 101 utan tap, og slo Ding Lirens 100 parti.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal