Hopp til innhold

Glad for at 10.000-meteren er tilbake i EM

Landslagssjefen jublar over at 10.000-meteren er tilbake på programmet i allround-EM på skøyter.

Sverre Lunde Pedersen

FRAMLEIS 10.000 M I EM: Sverre Lunde Pedersen og dei andre allroundløparane skal framleis avgjere EM med manndomsprøva 10.000 m

Foto: Ivan Sekretarev / Ap

To år etter at ISU-kongressen vedtok å fjerne milløpet frå EM, gjer dei kuvending og gjeninnfører distansen.

EM skal gå over tre dagar, og også omfatte sprint.

Skøyteentusiastane kan dermed nyte milløpet også under EM i Warszawa i januar. Kvinnenes 5000 m blir også verande på allround-programmet.

– Eg er glad for at 10.000-meteren er tilbake. Det er ein av dei mest spennande distansane i ein allroundkonkurranse, seier landslagssjef Sondre Skarli. – Skal du ha skikkeleg allround, må du ha 10.000, seier han.

Ikkje overraska

Han er ikkje veldig overraska over kuvendinga i ISU.

– Nei, vi har visst ei stund at dei kunne revurdere vedtaket frå 2014. Men det er godt det har skjedd. I internasjonale allroundmeisterskap er det utan tvil rett at «tiaren» er på plass, seier Skarli.

Samstundes vedtok kongressen i den internasjonale skøyteforbundet (ISU) at EM annakvart år skal vere samanlagtmeisterskap og annakvart år distansemeisterskap.

Allround også i v-cupen?

Sondre Skarli

GLAD FOR KUVENDINGA: Landslagssjef Sondre Skarli er glad, men ikkje overraska, over at ISU snudde og gjeninnførte 10.000-meteren i EM

Foto: NRK

– Det er ei spennande løysing, for det er nytt. Men det blir færre allroundkokurransar av det, og det er eg ikkje så glad for.

– Men kanskje kan det i staden bli allroundkonkurransar i verdscupen, legg han til. – Det er snakka om i skøytemiljøet, og det trur eg mage hadde meint vore spennande.

Det skapte storm blant skøytefansen då ISU bestemte seg for å kutte skøyter ut av EM-programmet. Det skulle erstattast med 1000-meter. Håvard Bøkko var blant dei som stilte seg kritisk til dette.

I distanse-EM er framleis ikkje 10.000-meteren med. Ikkje 5000 for kvinner heller.

At sprint-EM og allround-EM blir slått saman til eitt arrangement over tre dagar, har Sondre Skarli stor sans for.

Meir valuta for pengane

– Det trur eg kan gjere stemnet endå meir spennande. Du får meir valuta for pengane, fleire skøyteløp og det beste frå både sprint og dei lengre distansane. Det trur eg kan fengje publikum, og det nærmar seg det vi har foreslått, nemleg ei meisterskapsveke, seier Skarli.

Den nye ordninga inneber i praksis at i år med oddetal (2017, 2019, 2021, osv.) skal EM vere samanlagtmeisterskap, i år med partal (2018, 2020, 2022, osv.) skal det vere EM enkeltdistansar og lagkonkurransar.

Det betyr at det blir distanse-EM også i OL-år. Men utan 10.000.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal