10.000 m for 100. gong

Jon Kjetil Gauslaa er ingen sprintar. Tvert imot, det er dei lange løpa han likar. Denne veka gjekk han sin 10.000 meter nummer 100.

Nå skal vi til et verdensrekordforsøk på skøyter på Valle Hovin i Oslo i kveld. Denne gangen handler det ikke om å gå så fort som mulig, men å gjøre noe som selv ikke de store skøytelegendene kan skryte av å ha gjort.

VERDSREKORD: Her fyk Jon Gauslaa forbi NRKs kamere på veg mot fullføring av sin 10.000-meter nummer 100. Det er det ingen andre som har gjort

– Det blir nok eit heilt vanleg løp, seier han. Før han tar seg i det: – Men litt spesielt er det nok likevel.

Han har fullført 99 10.000-meterar i konkurranse. Før onsdag kveld.

Det er det berre ein til som har gjort. Han er svensk og heiter Örjan Sandler – ein storløpar med OL-bronse i 1968.

Staden er Valle Hovin i Oslo. Det er skøyteløp for bedriftslag. Den 54 år gamle juristen representerer Domstolane denne kvelden.

Speakerbua Vall Hovin

SPEAKERBUA: Frå denne hua har dei kunngjort mange rundetider.

Foto: Arve Lote / NRK

Ute på bana er det ei handfull barn, unge og vaksne som trenar og mosjonerer. I den noko aldrande speakerbua sit tre man som følgjer og annonserer para som er i sving. På tribunane er det ingen.

Og så skal det bli verdsrekord.

– Kanskje er det god nok is til 16.20 i kveld, funderer Gauslaa når han tek på seg skøytene for oppvarming. Han har gått på 15.59 i år, men det var innandørs i Stavanger.

Gauslaa gjekk sitt første milløp i 1987. Men det var ikkje før han hadde lagt over 60 bak seg at han kjende at han fekk skikkeleg grep om det.

Må gå 10.000 for å sveitte

Jon Gauslaa

NUMMER 100: Her studerer Jon Gauslaa lista som viser dei som har gått flest 10.000-metrar. Der er han åleine på topp. 2500 rundar har det blitt

Foto: Arve Lote / NRK

– Eg trur du må ha så mange for å vite korleis du skal legge opp løpet – for å vite kva rytme og kjenne kva fart du må ha i starten. Det har med rutine å gjere, seier Gauslaa.

– På 10.000 får du sveitte litt. 3000 og 5000 er for kort, seier han.

Startskotet går. Gauslaa og makkeren held følgje dei første rundane, så må makkeren sleppe.

Rundane går stødig unna. Dei første på 38-talet, så 39. Midtveges kjem fire rundar på 40 blank, så pressar Gauslaa dei ned igjen. 10 rundar på rad går på 39 komma noko.

Sisterunden blir den svakaste, 40,1. – Tida blir 16.30,74 i rekordløpet, kunngjer røysta i høgtalaren, til spreidd applaus frå dei få rundt bana.

– Det var ikkje så rask is som eg trudde, seier Gauslaa. Tida vart ti sekund svakare enn han hadde håpa.

– Elles er eg godt nøgd med jubileumsløpet, legg han til. – Eg greidde å halde jamn fart, trur eg, legg han til.

– Men eg har ikkje tenkt å gje meg enno. Det blir nok eit par milløp til denne sesongen, seier han.

PS: Blant dei få tilskodarane som såg på løpet, var Knut «Kuppern» Johannessen. Han har sjølv gjennomført ein god del 10.000-metrar.

– Dette er ein stor prestasjon. Og det er definitivt god PR for skøytesporten, seier den gamle meister og milslukar, som sjølv står oppført med 71 milløp i si tid.

Siste nytt

  • Mikkelsen i teten i Rally Sweden

    Andreas Mikkelsen er sammen med Esapekka Lappi nummer to i Rally Sweden. Han er 54,5 sekunder bak sammenlagtleder Ott Tänak før søndagens avslutning. Rally Sweden rundes da av med tre fartsprøver.

    Mikkelsen
    Foto: Micke Fransson / TT / NTB scanpix
  • Sala gravlagt etter flystyrt

    Over 3000 mennesker møtte opp i fotballlspilleren Emiliano Salas begravelse i hjembygden hans i Argentina. Sala omkom da flyet som skulle frakte ham fra Nantes til sin nye hjemby og klubb Cardiff, styrtet 21.januar.

    Salas begravelse
    Foto: JUAN MABROMATA / AFP
  • Horneland med sin første RBK-seier

    Rosenborg hadde få problemer mot svenske Sundsvall i lørdagens treningskamp i Abrahallen. I Eirik Hornelands første seier som RBK-trener ga ikke trønderne seg før det sto 5-1 på måltavla. Tidligere lørdag vant Stabæk 2-1 over Strømmen, mens Kristiansund slo Ranheim 3-2.

    Eirik Horneland
    Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal