Etter elendige publikumstal på Brann stadion denne sesongen, har bergensarane gått til aksjon for å fylle stadion til «sekspoengskampen» mot AaFK i morgon.
Bedrifter gir vekk billettar, det finst fleire Facebook-aksjonar med godt over 1000 medlemer og ein Twitter-aksjon har også blitt sparka i gang med emneknaggen #StillerMotAafk.
– Eg er rørt, seier Erik Huseklepp om engasjementet.
– Dei sluttar aldri å overraske
Brann reknar no med å selje rundt 12.000 billettar til kampen i morgon. Det vil gjere kampen til den nest mest besøkte i heile år. I skrivande stund melder Brann på Twitter at det allereie er selt 10.000.
– Eg hyllar dei som har vore med på å setje i gong tiltaket dei grader. Det er enormt viktig for oss. Eg håpar det kjem ein haug med folk, seier Brann-spissen.
Huseklepp meiner at hjelpa frå supporterane vil vere med på å redde Brann sin plass i eliteserien.
– Eg er vant til at Brann-supporterane er fantastiske, men dei sluttar verkeleg aldri å overraske. Vi har ikkje spelt godt nok til å fortene støtta, og dette tiltaket vil bety enormt mykje for oss utover hausten, seier Huseklepp.
Norling fekk frysningar
Også Rikard Norling kjente hjartet banke for Brann då han fekk høyre om kampanjen.
– Eg kjente eg fekk frysningar oppover armen, seier Brann-trenaren.
Norling skildrar initiativet som ekstremt positivt.
– Det seier meg at det finst mange positive krefter, og mange som er interessert å skape ein energi av kjærleik, seier Norling.
- LES OGSÅ: Brann tapte alt på overtid
Ber om orsaking
Det ser mørkt ut for Brann uansett kor mange som møter opp på stadion. Difor er dei små teikna på at ting kanskje kan snu ekstra viktig å ta vare på.
– Vi har gjort to gode kampar no, men ikkje klart å sanke poeng. Vi må berre halde fram, og ta poenga i morgon, seier Huseklepp.
Han er ikkje nøgd med sin eigen prestasjon så langt i sesongen. Heldigvis har spesielt dei to siste kampane vist ein Huseklepp i betre form.
– Eg har spelt altfor dårleg så langt i år, og er ikkje nøgd med sesongen. Eg må berre be om orsaking for det eg har klart å prestere. Eg arbeider steinhardt kvar dag, og no har det begynt å losne, seier Huseklepp.
Huseklepp har lagt inn ekstra treningar, for å kome tilbake til gamal storform.
Skal slå AaFK
– Vi skal klinke til noko så kraftig. Vi treng tre poeng, seier Huseklepp om kampen i morgon.
Dei to siste kampane har Brann spelt betre enn tidlegare i sesongen, men likevel tapt. Dei tok poeng mot AaFK i Ålesund tidlegare i år, og satsar på å røve med seg poenga også i morgon.