NRK Meny
Normal

Håpar nokre av russarane får vere med

Ti russiske utøvarar har søkt om å få delta i EM, trass i at Russland er utestengt frå meisterskapet. Det blir jobba på spreng for å behandle søknadane.

Russisk friidrettsjubel

VENTAR PÅ SVAR: Medan russiske friidrettsutøvarar jubla etter det russiske meisterskapet, ventar 10 av dei på svar på om dei får delta i EM

Foto: SERGEI KARPUKHIN / Reuters

– Ja, det er kome ti søknader, stadfestar presidenten i det europeiske friidrettsforbundet Svein Arne Hansen overfor NRK.

Det internasjonale friidrettsforbundet vedtok 17. juni å forlenge utestenginga av russiske utøvarar frå internasjonale konkurransar – ei utestenging som vart innleia i november som ein reaksjon på den systematiske dopinga som vart avslørt i russisk idrett.

– På vårt siste styremøte sa vi at vi ville tillate russarar og andre som treng det, å søkje om å få lov til å delta. Den første konkurransen dei kunne søkje på, er EM her i Amsterdam, seier Hansen.

EM-opning i dag

Svein Arne Hansen

HÅPAR: Sein Arne Hansen ser gjerne at iallfall nokre av russarane slepp gjennom nålauget og får delta i EM

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Søknadene skal behandlast av det internasjonale friidrettsforbundet, IAAF. Og det må skje raskt, for EM opnar i dag.

– Dei som ser gjennom søknadane, jobbar hardt akkurat her og no, og eg håpar at vi kan erklære at nokon av dei russarane som har søkt, får vere med. Det ville gledd oss, seier han.

Men det er slett ikkje sikkert at det vil skje. Ein representant frå IAAF seier til telegrambyrået Ap at det er lite truleg at nokon av dei ti får grønt lys for deltaking.

Av omsyn til at prosessen framleis er i gang, vil IAAF-representanten vere anonym.

Klokka 08.30 i dag tidleg var ingen annan russar enn Julia Stepanova på startlistene for EM. Stepanova får vere med fordi det var ho som varsla om den omfattande russiske dopinga, eit varsel som førte fram til granskinga.

80 russarar søkjer om OL-start

Russisk friidrett er også utestengd frå OL i Rio i august på same vilkår. Her har over 80 utøvarar søkt om å få delta.

I dag har Russland teke ut ein tropp på 68 friidrettsutøvarar til Rio-OL, trass i at dei per dags dato er utestengde. Men Russland har anka utestenginga inn for den internasjonale idrettsdomstolen CAS, som behandlar dette som ei hastesak og har lova svar 21. juli–15 dagar før OL-opninga.

Siste nytt

  • VM-sølvvinner må ta pause

    Milans kroatiske landslagsforsvarer Ivan Strinic har fått konstatert et hjerteproblem og tar pause fra fotballen på ubestemt tid. Det opplyste den italienske fotballklubben lørdag kveld. Hjerteproblemet ble oppdaget i en rutineundersøkelse.

    strinic
    Foto: Rebecca Blackwell / AP
  • Iden med verdenscupseier

    Gustav Iden vant lørdagens verdenscupstevne i triatlon i Lausanne foran den britiske stjernen Johnny Brownlee. Kristian Blummenfelt ble nummer tre. Det ble konkurrert i olympisk distanse, 1,5 km svømming, 40 km sykling og 10 km løping.

    Pressekonferanse med triatlonforbundet
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Alonso sendte Chelsea til himmels

    Marcos Alonso reddet 3-2-seier for Chelsea mot Arsenal etter at Unai Emerys hadde hentet opp blåtrøyenes 2-0-ledelse. Lørdagens London-derby var det første i Premier League etter at Maurizio Sarri og Unai Emery tok over som managere i klubbene.

    FBL-ENG-PR-CHELSEA-ARSENAL
    Foto: GLYN KIRK / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
NM-veka: Baseball, finale
NM-veka
NM-veka: Baseball
NM-veka: Baseball
NM-veka: Friidrett
NM-veka: NM i friidrett
NM-veka: Friidrett og cricket
NM-veka: Cricket, finale
NM-veka: Cricket
NM-veka: Cricket
NM-veka: Kajakkpolo