Askildsen utleigd til Lecce
Kristoffer Askildsen skal spele komande sesong i Serie A-klubben Lecce. Han har samtidig signert ein ny kontrakt med Sampdoria til sommaren 2026.
Askildsen blei permanent Sampdoria-spelar i september 2020 etter overgangen frå Stabæk. Han har spelt i alt 33 kampar for den italienske klubben og scora eitt mål.
No blir 21-åringen leigd ut til Lecce, som nyleg rykka opp igjen til Serie A etter to år i nest øvste divisjon. Samtidig har han fornya sin kontrakt med Sampdoria til sommaren 2026.
Klubben opplyser at det i avtalen ligg opsjon om kjøp, og ein klausul som gjer at Sampdoria har rett til å kjøpe han tilbake ved et seinare tidspunkt.
Lecce serieopnar borte mot Inter. Dei kom på andreplass i Serie A siste sesong, berre bak byrival Milan.
Deretter ventar et møte med to nordmenn i Emil Konradsen Ceïde og Kristian Thorstvedt i Sassuolo.