Van der Poel får Oscar-statuetten
Svenske Nils van der Poel er tildelt Oscar-statuetten for andre år på rad. Han får statuetten for 10.000 meter-løpet sitt under OL i Beijing.
Til liks med den svenske skøytestjerna frå 1980-talet Tomas Gustafson, vinn Nils van der Poel Oscarstatuetten for andre gong. Førre sesong fekk han statuetten for verdsrekordløpet sitt på 10.000 meter under VM i enkeltdistansar.
Den svenske langdistanseeksperten slo under OL sin eigen verdsrekord med over to sekund, og var i ein klasse for seg. Sølvet gjekk til nederlendaren Patrick Roest, som vart slått med nesten 14 sekund.
Den 26 år gamle svensken tok også VM-tittelen på Hamar seinare i sesongen. Etter meisterskapen bestemde han seg for å leggje opp.
Oscarstatuetten vart oppretta i 1958 til minne om skøytekongen Oscar Mathisen (1888-1954). Statuetten er ein miniatyr av bilethoggar Arne Durbans statue av Oscar Mathisen, som er plassert utanfor Frogner stadion i Oslo.