Zverev sleit truleg fleire leddband
OL-meister Alexander Zverev må vere budd på ein langvarig tennispause etter ankelskaden han fekk i Roland-Garros-semifinalen mot Rafael Nadal.
Tyskaren var uheldig i andre sett og trakka over då han prøvde å nå ein ball frå Nadal. Zverev hylte av smerte medan han rulla rundt på den raude grusen.
Rett etter kampen var det ikkje klart kor alvorleg skaden var, men det var tydeleg at Zverevs ankel hadde fått seg ein real trykk.
Laurdag skriv Zverev på Instagram at det ser ut som han har slite av fleire ytre leddband i høgrefoten. Det kan tyde på at han blir ute av spel i fleire månader.
– Eg flyr til Tyskland på måndag for å bli undersøkt ytterlegare, og for å legge den beste planen for å bli frisk, skriv Zverev i et innlegg der han takkar for støtta frå hele verda.
Wimbledon-turneringa, som startar 27. juni, ryk etter alt å dømme for tyskaren.
Zverev kom til 4. runde i Wimbledon i fjor. Han har framleis til gode å vinne ein Grand Slam-tittel, men i fjor vant han både OL og ATP-tourfinalen i Torino.