Tett i søramerikansk VM-kvalifisering
Uruguay slo Venezuela 4-1 og inntok den fjerde og siste direkte VM-plassen frå Sør-Amerika. Men det er svært jamnt bak suverene Brasil og Argentina når to rundar står att i kvalifiseringa.
Ecuador er nærmast dei to store, men måtte nøye seg med 1-1 i bortekampen mot Peru, som ligg på femteplass som gir vidare kvalifisering.
Også Chile er med i kampen. Seint måndag kveld slo dei Bolivia 3-2 etter to mål av Alexis Sanchez.
Argentina slo Colombia 1-0 etter scoring av Lautaro Martinez. Colombia har ofgså ein outsidersjanse til VM-plass.
Brasil viste ingen nåde mot Paraguay og vann 4-0. Rapjnha, Coutinho, Antony og Rodrygo scora for dei suverene tabelleiarane.
Den søramerikanske VM-kvalifiseringa blir avslutta med to rundar i slutten av mars.